Å vere vaksen er å lære seg å koke graut frå botnen av utan å svi han.
Å vere vaksen er å vere halvvegs til 44 og tenkje at det er litt rart og veldig fint på same tid.
Å vere vaksen er å ta seg tid til menneska i livet sitt, til bøkene og musikken, og ta ting med ro slik som Skallmann, fordi destinasjonen kjem til å vere der framme uavhengig av kor lang tid du bruker på å nå han.
Å vere vaksen er å ville gjere dumme ting som du aldri gjorde då du var tenåring og "hadde lov til" å vere småteit og barnsleg, fordi du drøymte om å vere del av den gruppa som stod og snakka om avisdebattar og teateroppsetjingar.
Å vere vaksen er å tenkje at du kanskje har lyst på barn likevel. Ikkje no, ikkje før om mange år, men kanskje ein dag.
Å vere vaksen er å heve seg over bagatellar og akseptere at me er ulike, og prøve kome mest mogleg overeins med dei ein har rundt seg.
Å vere vaksen er å snakke med framande gamle damer på bussen, fordi du skjøner at dei er einsame, og kanskje kjem du til å vere ei av dei gamle damene sjølv ein dag, og då er det fint å vite at det finst twentysomething-ar som tar seg tid til å snakke med framtidige deg.
Veldig bra skrevet.
SvarSlettAmen
SvarSlett<3