Eg har oppsummert det meste av året i bursdagsinnlegget mitt, og no som 2012 stadig nærmar seg vert eg meir og meir tom for ord. Det er litt skremmande, men eg trur det vitnar om at noko nytt ligg der ute og ventar på meg, eg må berre finne motet til å dra ut og leite etter det.
Som nok dei fleste har fått med seg har dette året vore ganske tårevått, men det har òg vore eit år for nye venskap, nye oppskrifter, nye jobbar, nye menn(eske) som har fått kroppen til å krible, nye bøker og filmar som har fått hjartet til å syngje, og mest av alt har dette året handla om musikk. Kjærleik og musikk. Så her har de fem songar til å både oppsummere og avslutte 2011 med:
Jeg synes det er skremmende at året har gått så innmari fort. Men fin musikk finner man, helt sant, på et helt år!
SvarSlett<3
SvarSlettEg håpar at 2012 blir eit himla fint år for deg :)
motionocean: Ja, det har gått veldig fort. :)
SvarSlettLene: Takk, håpar det for deg òg. <3