Dette vert skikkeleg klisjé, men det får så vere. Etter å ha overlevd den siste av tre eksamenar dette semesteret feira eg at juleferien hadde byrja med å besøke peparkakebyen i Bergen med ei veninne, for så å gå på kino med ei anna veninne. Peparkakebyen i Bergen er ganske big deal, dersom de ikkje har fått det med dykk, og eg trur at uansett kor stor Scrooge du er, så vert du i godt humør av å vere der inne. Heile området lyser av menneskeleg godvilje og kreativitet, samt nokre interessante tolkingar på (til dømes) korleis Eiffeltårnet ser ut.
I dag tok eg Kystbussen frå Bergen til Haugesund og no har eg fått hårfargen min tilbake igjen (den falske hårfargen, that is), som vil seie at eg automatisk vert i betre humør. Eg skal til legen i morgon, men etter det skal dei neste dagane stort sett gå til baking og rydding før tantebarna mine og faren deira (altså min eldste storebror) kjem på besøk i helga, pluss at på laurdag skal eg ein tur til Stavanger for å vere med gode vener som eg ser altfor sjeldan, overlevere gåver og sjå Sonny på Rogaland Teater. Dette har potensiale til å verte ei veldig bra veke og ein veldig bra juleferie. Kjenner eg kriblar etter å bake, få ting er meir avslappande enn det.
Jippi for ferie og vener :D
SvarSlettBerre som det er sagt: Eg GLEEEER meg til laurdag + pakken din blei mykje større enn det eg hadde trudd xD
Ja! :D
SvarSlettHaha, kult! Gler meg eg òg, kjære. <3
Åh, det er fint å lese når man ser at ting blir fint for noen den kommende tiden.
SvarSlettBtw, nå minnet du meg på å lese A Christmas Carol før jul. :D
Love you. <3
Takk, kjære. <3
SvarSlettLove you too!
Eg såg Muppetsversjonen av A Christmas Carol for ikkje så lenge sidan. :D