torsdag 26. januar 2012

Eg følte meg vaksen...

Fyrste gong eg:

♥ fekk lov av mamma til å kjøpe leppestift

♥ sat framme i bilen

♥ vart forelska (og den andre gongen, og den tredje, og den fjerde...)

♥ fekk hjartet knust

♥ knuste eit hjarte

♥ sat på kafé med han eg elska og snakka om slikt eg alltid hadde hatt lyst til å snakke om


♥ hadde ein skikkeleg jobb

♥ var ekstralærar i min eigen klasse

♥ snakka engelsk med ein annan engelskmann og personen forstod meg

♥ reiste på tur utan foreldra mine/familien min


♥ fekk mensen

♥ innsåg at ord er det sterkaste våpenet me har

♥ flytta for meg sjølv

♥ betalte leige og straum

♥ kyssa nokon utan å vere sjølvmedviten

♥ høyrde på vinylar


♥ var med på Filmfestivalen i Haugesund

♥ fortalde mamma at eg hadde fått ein kjærast (som for så vidt berre har skjedd éin gong)

♥ betalte med bankkort

♥ fekk skryt for noko eg hadde skrive


♥ mista ein ven fordi eg heldt fast ved det eg trudde på

♥ skjønte at dei vaksne berre er menneske dei òg

♥ vart tante

7 kommentarer:

  1. Fin fin fin liste! Når jeg har sånne øyeblikk der jeg føler meg voksen er det nesten som om jeg ser meg selv utenfra. For mesteparten av tiden føler jeg meg ikke voksen i det hele tatt, det er en stor del av meg som fremdeles er overbevist om at jeg er max 14 år.

    SvarSlett
  2. Takk! Eg er på same måten, men eg har alltid gleda meg til å verte vaksen, type 30+, så eg trur eg ser på det omvendt på eit vis, som om eg ser meg sjølv utanfrå som eit minne eg kjem til å tenkje tilbake på om ti år. Kind of slik det er med leppestiften no, eg hugsar ikkje kor gammal eg var, men eg trur eg framleis gjekk på barneskulen. Har eit krystallklart minne av det, det var skikkeleg skummelt å jobbe opp motet til å spørje mamma om det var greitt. Leppestiften var knallraud og eg brukte han basically aldri, men det var det å ha spurt og fått lov og å ha han heime i ei skuffe i lag med Smackerslypsylar og ein lommespegel med raudt plastcover som eg fekk då eg var endå yngre enn det.

    (Ps: Eg fekk opp Svar/Slett då eg endra kvar kommentarane kom i forhold til innlegget, men Svar-tingen funkar ikkje, så eg er eigentleg like langt. :P)

    SvarSlett
  3. Detta va ei fin lista :)

    SvarSlett
  4. Ååååååååå, nyyyydelig liste!! SÅ MANGE fine punkter!! Hjerte fra meg!

    SvarSlett
  5. Tusen takk! Hjarte tilbake til deg.

    SvarSlett
  6. Å innse at de voksne, som foreldrene dine f.eks. bare er mennesker de også, det synes jeg også var en opplevelse av endelig å være voksen, mer enn å flytte hjemmefra og begynnel å betale sine egne regninger.

    SvarSlett
  7. Ja, å innsjå det hadde absolutt meir djupn.

    SvarSlett