søndag 27. mai 2012

Romkjensle

Dette er livet ditt:
Du går ned ein gang mot ei dør i det fjerne, men døra forsvinn meir og meir for kvart steg du tar og du veit at du kjem ikkje til å nå ho i tide, sjølv om du alltid pla vere tidleg ute. Du prøver dei andre dørene du passerer medan du kjenner angsten stige og ser inn annakvar opning der små jenter i pastellfarga og blomemønstra kjolar leikar med dukker og les høgt frå bøker dei er for unge til å forstå innhaldet i, og du skulle ynskje at du kunne ha passa på dei, at dei kom til å ta vare på den uskylda gjennom åra utan å vere for naive, berre håpefulle.

I eit anna rom ser du menn med skjegg spele sjakk og snakke om liva dei har slutta å leve medan rommet vert fylt til randen av vatn som dryppar - sakte - frå taket over, ein drope om gongen, og du prøver å rope, prøver å seie i frå at dei druknar i si eiga misnøye, men når du skal til å trø over dørstokken møter du ein gjennomsiktig vegg og skjegga er som doggvåte blad ein vårmorgon. Berre sjakkbrikkene er like heile.

Inst inne finn du eit rom som er så kvitt at du må lukke auga og føle deg fram, men det er ingenting å finne. Veggane er som puter; du kan skrike der, om du endeleg skulle klare det, men elles er det like tomt som hendene dine sidan dagen du mista alt og du veit ikkje lenger korleis beina dine fungerer, dei knekk saman og lèt deg falle til bakken og det er der du ligg no, når eg går nedover den same gangen og leitar etter nokon å snakke med, nokon å halde rundt. Eg gir deg ein kopp grøn te og stryk deg på hovudet og på kinna, og når du gir meg lov til å klemme deg så bryt du ut i gråt.

6 kommentarer:

  1. Oi. Veit ikkje heilt om eg skjønte denne, men liker den. Liker orda dine, du skriv så bra. Det vonde, såre og frustrerande i starten. Og det utruleg fine i siste linja.
    Hjarte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, kjære deg. Er ikkje sikkert eg skjøner alt sjølv heller, men det såg slik ut i hovudet mitt.

      Slett
  2. Vakkert. Skulle ønske det alltid var en med grønn te og snille hender, klar til å stryke og holde rundt i det hvite rommet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. Ja, det hadde vore godt å ha.

      Slett
  3. i loved this.

    SvarSlett