torsdag 2. august 2012

Mat i Bremen

Her er greia: Om du er vegetarianar og skal til Bremen, så har du ingenting å bekymre deg for. Og om du er veganar og skal til Bremen, så er du ganske sikra då òg.

However: Om namnet ditt er Birte Valkyrje og du er veganar i tillegg til å ha ein haug med allergiar, så vert det litt vanskeleg å finne mat å ete utan å verte dårleg etterpå. Eg hadde søkt meg fram til vegetarianar-/veganstader via happycow.com før bømlingen min og eg skulle reise, men berre fordi noko er vegansk tyder det ikkje at magen min er heilt fan av det. Eg enda opp med å gi opp å finne mat eg tolte og åt heller god, vegansk mat for så å angre etterpå fordi kroppen klikka litt, men det var (nesten) verdt det.

Særleg frukosten den fyrste dagen i Bremen var heilt fantastisk, seitankebab med økologisk, heimelaga pommes frites, tzatziki laga med soyayoghurt, ein tomatsaus pluss salat og anna ymse. Namnamnam. (Berre synd at eg verken toler kveitemjøl, lauk eller agurk). Den vart me servert frå ei vogn på Plantage 9, mannen som lagar maten er veldig koseleg og heile måltidet kosta € 4,90 (så vidt eg hugsar) utanom drikke.



Seinare den måndagen fann me ein tapasrestaurant og hadde middag der. Eg vart servert feil salat, men det gjorde ingenting fordi han var kjempegod. Det einaste "problemet" var at det fylgde med både ost og italiensk skinke, men dei var i så store bitar at eg kunne gi dei til bømlingen min utan at det påverka resten av retten.


Bømlingen min er avhengig av kaffi, så me hadde nokre Starbucksbesøk i løpet av ferien og eg hadde koffeinfri latte laga med soyamjølk. Den eine dagen delte me i tillegg ei korg med jordbær som me kjøpte frå ei bod på marknadsplassen. Dei hadde kjempemykje fristande innan grønsaker, frukt og bær, men det var så varmt og me var så tøyrste at ei korg jordbær var alt me investerte i.


I Hamburger Strasse 45-47 ligg ein restaurant som heiter Vegefarm der eigaren/kokken spesialiserer seg særleg på kjøtliknande produkt laga av soya, som i retten eg hadde som inneheldt soyaskinkebitar. Restauranten har ein stor meny der rettane er delt inn etter kva kjøt dei etterliknar, men bømlingen min og eg gjekk for nokre spesialrettar som stod på eit eige ark som fylgde med. Ute var det tretti grader og retten var veldig mettande, så eg klarte ikkje ete så mykje, men det var veldig godt. Her er problemet at eg eigentleg ikkje toler ris og det verka som dei fleste rettane hadde ris ved sida av. Så, kjære folk der ute som ikkje er allergisk mot noko: De er veldig heldige.


Siste kveld i Bremen returnerte me til restauranten der me hadde middag den fyrste kvelden, Ratskellerrestauranten i Bremen. Ein tenkjer kanskje at "Rats" tyder "rotter", men det er altså ei forkorting av "Rathauskeller" fordi restauranten ligg i kjellaren på det gamle rådhuset. Den fyrste kvelden hadde eg ein thaiinspirert karrirett som var veldig god, men i overkant syrleg, spesielt sidan eg ikkje hadde ete skikkeleg mat på sju timar. Den siste kvelden fekk eg eit spesiallaga måltid laga av kokken med utgangspunkt i ein rett som stod på menyen (som tilbyr tre vegetarrettar), der eg blant anna fekk ein veldig god tomatsaus, ein liten salat og omnsbakte småpoteter og tynne kålrotskiver som låg på ein haug med sukkererter. Det var null sjanse for at eg kom til å klare å ete alt, men godt var det, sjølv om kålrotskivene vart litt i overkant etter eg hadde hatt eit par.


Håper de har gode sommarar der ute i verda, kjære vener. Sjølv har eg vore sjuk denne veka, men det verkar som eg byrjar å kome meg no. Eg satsar på det, fordi i helga er det sommarfest med bømlingen sine vener på Bømlo.

4 kommentarer:

  1. huff, stakkars deg. Er ein grunn til at me for det meste driv med camping i Noreg, så får ungane mat dei kan eta... håpar du kjem deg raskt :) og ja, me som kan eta det meste er heldige :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det skjøner eg godt! Er endå verre i Noreg, er nærmast umogleg å ete ute om eg skal ha noko anna/meir enn ein salat.

      Slett
  2. mmm, mat er noe av det beste med ferie, hihi. så kjipt å ha så mange allergier. og så ris da...!

    SvarSlett
    Svar
    1. Mmm, ja. Eg liker å lage mat, men det er greitt å sleppe å måtte tenkje over det i nokre dagar, ingen oppvask eller noko som helst. :)
      Ja, det kan vere ganske trøyttande.

      Slett