tirsdag 4. september 2012

Hausthei

Hei, kjære menneske.
Høyrer de meg?
Står mikrofonen på?

Eg har vore på tre kinoar i løpet av åtte dagar og eg har kyssa kjærasten min fleire gonger enn eg har tal på.

Eg har sett to teaterframsyningar på fire dagar og eg har drukke koffeinfri latte med soyamjølk fordi eg kunne. Smaken var som å dra tilbake i tid og vere i Bremen igjen i 30 varmegrader med ei jordbærkorg frå torget og lange spaserturar framfor oss.

Det regnar i Bergen igjen og himmelen er svart, så eg drikk kakao, drikk te, drikk vatn, et soyayoghurt, les pensum, høyrer på musikk, drøymer om finingen min når eg er vaken, drøymer om tortur når eg søv og vaknar med tårer i auga, går på seminar, går på førelesing, går på kafé, går på kjøpesenter, går i gater, på vegar, langs fortau, på murkanten, over brua, opp trappene, inn i hjartet ditt.

Det er haust.

Fargane er sterkare no.
Kjenslene er sterkare no.
Tårene kjem oftare no.
Men det går litt betre når eg er elska.

5 kommentarer:

  1. tror dette blir en veldig fin høst. jeg er også mye på kino for tiden, liker det godt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det trur eg òg. :)
      Kva har du sett? (Utanom Brave, det såg eg på Twitter.) Eg har sett The Dark Knight Rises, Brave og Kon-Tiki.

      Slett
  2. Need to see you soon. <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Definitely! Eg kjem heim neste helg. <3

      Slett