torsdag 17. januar 2013

Livet i ei notisbok

Silketøyet som gøymer hennar mest dyrebare eigendeler har tatt til å brune. Kvar brett er kalkulert og notert ned i den litle, purpurfarga notisboka i semska skinn som ho alltid ber med seg i venstre innerlomme, heilt inntil hjartet. Ho har heile livet sitt der, ho har gitt opp trua på medmenneske og teknologi; det kjem aldri noko nytt, ikkje eigentleg. Ho finn ro i dei rette linjene og den forsiktige skrapelyden pennen lagar kvar gong ho tilfører noko.



Livet verkar som noko ho kan klare på dette viset, når det er så uviktig og det som skjer så lite at det får plass i ei notisbok ho kan bere med seg til ei kvar tid. Då følest ikkje morgondagen så stor og uoverkommeleg og ikkje matbutikken så langt unna. Kanskje ho til og med kan klare å besøke nokon, ein dag.

Det vert ikkje denne veka, sjølvsagt. Ho må vaske og rydde leilegheita, og før ho kan gjere det må ho kategorisere arbeidet og lage timeplan og eit overslag over kva utstyr ho treng og finne ut kva rekkjefylgje som er optimal i forhold til arealet og kor lang tid det kjem til å ta før golvet er tørt igjen i dei ulike romma, og den slags nøye planleggjing tar tid.

Ho prøver å forklare det til andre, men det er få som skjøner det. Dei forstår ikkje kor vanskeleg det kan vere å opne ei dør.

8 kommentarer:

  1. Du skriv så skildrande. Eg ser det heile for meg. Klem

    SvarSlett
  2. "Livet verkar som noko ho kan klare på dette viset, når det er så uviktig og det som skjer så lite at det får plass i ei notisbok ho kan bere med seg til ei kvar tid. Då følest ikkje morgondagen så stor og uoverkommeleg og ikkje matbutikken så langt unna. Kanskje ho til og med kan klare å besøke nokon, ein dag." <3

    SvarSlett