mandag 28. januar 2013

Silver Linings

Eg sakna deg så snart du gjekk ut døra.

No har eg sett Silver Linings Playbook og gråte og lurt på om film og teater vert mindre magisk og spanande jo meir ein lærer om det. Eg håper ikkje det, kanskje det berre er ein fase, kanskje det eg treng er å sjå noko heilt fantastisk igjen. Og eg veit at eg knakk fullstendig saman av The Perks of Being a Wallflower, så det finst framleis noko der framme på lerretet eller på dataskjermen som får tankeflugene til å sveve i staden for å surre, i ei lita stund, medan orda, rørslene, handlinga og musikken speler på alt som finst av strenger og nervar og bloddropar i kroppen min.


Eg trur ikkje magien er borte, han har berre tatt ei ny form. Og eg veit at ikkje alle tårer er rasjonelle og at hormona av og til lagar i stand fest utan at dei har bedt meg om lov - og eg veit at det ikkje er noko galt med det. Men eg skulle ynskje eg kunne sleppe å ha så vanskeleg for å puste, i blant, når noko kjem over meg utan at eg heilt skjøner kva grunnen er og eg sit her og hikstar fordi altfor mange har det vondt og eg kan ikkje gjere noko med det. Gjere det betre. Eg vil så inderleg kunne gjere alt betre.

10 kommentarer:

  1. Du gjør jo alt bedre.

    SvarSlett
  2. Trur på at Oda har heilt rett.

    SvarSlett
  3. Du studenten, om du har lyst på en kakao (eller hva np tilsvarende blir som ikke tar knekken på imunforsvar og prinsipper hos deg) eller noe en dag så bor vi rett borti gata - du har vel ikke engang sett leiligheten vår enda? Hjertelig velkommen er du i alle fall (så lenge du ikke blogger om hybelkaniner like etterpå..!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det vil eg veldig gjerne! Har ikkje sett leilegheita, nei, utanom nokre bilete her og der. Og eg kan love at det ikkje kjem blogg om hybelkaninar. :P Kjem heller blogg om koselege syskenbarn/vener.

      Slett
  4. Gi en lyd når du vil ut og lufte deg du :)

    SvarSlett
  5. Eg vil sjå dei filmane du skriver om.

    SvarSlett