tirsdag 2. april 2013

Tysdag 2. april

Eg sit og tenkjer på kva me kan bestemme og kva me må føye oss etter. Når me kan setje grenser og når me må gi opp. Og kvifor nokon av oss tenkjer så mykje medan andre tilsynelatande tenkjer mykje mindre og har det lettare
- men har dei det?
Har nokon av oss det verkeleg lett?
Eller skal me berre late som for å ikkje vere til bry?

Burde me ikkje alle vere til bry om det er nødvendig for at me skal ha liv me liker å leve?

Og så tenkjer eg at eg vil ikkje vere redd for slikt eg ikkje kan styre og eg kjenner på korleis han gjer at eg føler meg trygg og vakker og sexy og smart og elska, men at det er einsamt å sove åleine og eg håper fredag kjem fort samtidig som eg har mykje å gjere. Skjerpings og den slags.

Eg såg den nyaste episoden av Monday Mornings der ein pasient hadde ein sjukdom som gjorde at han ikkje klarte å slutte å skrive, medan eg prøver å byrje på ein tekst som ikkje inspirerer meg fordi eg kan ikkje nok om emnet og eg klarer ikkje å byrje å skrive før eg har nok oversikt, men kanskje det er del av unnskyldinga og utsetjinga, at eg skaper mine eigne murar.

Skaper eg alle murane mine?

Er eg ansvarleg for dei?

Burde eg ikkje då klare å rive dei ned?

4 kommentarer:

  1. Eg vett, men det e så ufattelig møkje vanskeligare å riva ner muren enn ka ein sko tru. I alle fall når du ikkje vett konstruksjonår elle koss du i det heila tatt havna som murar...

    Eg syns du e fantastisk, Birte! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det følest som regel umogleg.

      Takk, likeså!

      Slett
  2. Eg var heilt sikker på at eg hadde kommentert.

    I hovudet mitt tenkte eg på ein bra kommentar eg skulle skrive nå, men det vil på ingen måter komme ut.
    Vakkert <3

    SvarSlett