onsdag 1. februar 2012

Nei

Då eg gjekk på barneskulen prøvde bestevenen min å lære meg å seie "Nei". Det var ingen stor suksess. Eg er ein konfliktunnvikande hjelpar, eg vil helst hjelpe deg om eg kjenner deg eller ei, og eg vil ikkje krangle sjølv om eg er ueinig.

Dei siste dagane har eg følt meg stadig dårlegare og eg veit ikkje kvifor, kanskje det berre er PMS, kanskje det er noko meir. Eg er sliten og redd og trøytt, og det er vanskeleg å gå ut leilegheitsdøra, men eg har kommentert på bloggar, skrive meldingar fram og tilbake og kome meg på rettleiingstime for bacheloroppgåva mi.

Det er få ting i verda som gjer at eg føler meg betre enn når eg kan hjelpe nokon, men no må eg hjelpe meg sjølv litt og ta ein pause. Om det berre er hormona som tar salto så kjem eg tilbake veldig snart, det vil vise seg, eg treng berre å puste litt. Og så håpar eg at dei nye følgjarane mine vert verande: Eg veit ikkje kven de er, men det er veldig kjekt for ein aspirerande forfattar å verte lese.

11 kommentarer:

  1. Vi må alle bli flinkere til å si nei. Og til å ta pauser. Håper du snart kommer tilbake til bloggingen:)

    SvarSlett
  2. Håpe det går bedre med deg snart. Glad i deg <3 Va så koselig å se deg i helgå. Sko ønska me konne fått snakt mer.

    SvarSlett
  3. Akkuratt nå skulle eg tatt bussen opp til deg berre for å gi deg ein klem :)

    *hjarte*

    SvarSlett
  4. Eg kjenner meg til dels godt igjen. Men du er flink, og eg veit du kan.

    SvarSlett
  5. Ta godt vare på deg sjølv. Eg er ein ny følgjar, og eg ventar i alle fall tolmodig.

    <3

    SvarSlett
  6. What Ane said! And all the others.. :P <3

    SvarSlett
  7. God betring, kjære du. Ta godt vare på deg sjølv. Klem frå Elin Brit

    SvarSlett
  8. Håper du har det bedre nå <3

    SvarSlett
  9. Takk, alle saman. <3 Eg er ikkje 100 % enno, men eg er betre. De varmar hjartet mitt.

    SvarSlett