tirsdag 7. februar 2012

Medan me ventar, i mørkret

Eg gjekk tur i kveld og såg:

♥ Ein vridd vimpel utanfor Den Nationale Scene

♥ Ein mann i strikkegenser som gjekk og klappa for seg sjølv og som minna meg om guten i Extremely Loud & Incredibly Close

Eg henta bilete frå eingongskameraet eg brukte i haust og fann eit strålande bilete av Nøve som kjem heim om ei veke og som eg gler meg til å klemme:


Det var òg bilete frå då eg var i Oslo i oktober, og eg hadde gløymt ut alt eg hadde tatt bilete av:






Eg gjekk den same ruta som då eg filma til Kjerstifilmen, men denne gongen var det snø:

♥ Snøen knitra under støvlane mine


♥ På Nordnes høyrde eg nokon øve på eit jazzstykke akkompagnert av to vener med trillekoffertar

♥ På himmelen kunne eg sjå éi enkel stjerne

♥ Utkikksposten var mørklagt, men utsikta var ganske spektakulær


♥ Frå den beste utkikksposten kunne eg sjå to stjerner, og himmelen var så vakker at eg ville male han, som den gongen på barneskulen då læraren vår sa me skulle sleppe alt me hadde i hendene og finne malesaker for å male himmelen, fordi ein så fin himmel var sjeldan å sjå


♥ I Strandgata gjekk tre franske studentar forbi meg, og eg måtte smile, spesielt sidan kyrkjetårnet framleis er pynta til jul


♥ Og det same er gågata


Og plutseleg var eg tilbake på Torgallmenningen og det var fullmåne.

22 kommentarer:

  1. Nøve <3

    Kjempefine bilder! Du har et vakkert perspektiv på ting :)

    SvarSlett
  2. åfint <3 det skyhimmebildet, er det fra bakgården min? jeg mener å huske at du tok et eller annet bilde der...

    SvarSlett
  3. Det hørtes ut som ein fin tur :D

    SvarSlett
  4. virker som om du så masse fint! og fine bilder.

    sv: ja, det er en stor gammel kiste med klistermerker fra gamle reiser. fikk den på loppemarked for 200 tror jeg.

    SvarSlett
  5. Å stå litt utanfor ein tettstad og sjå på lysa frå husa når det er mørkt, er utruleg fint. Spesielt når det er klare stjerner i tillegg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er ekte kvardagsmagi. :)

      Slett
  6. Fine, fine bilder. <3 Så fint å se utsikt.

    SvarSlett
  7. sv: Hamley’s <3 takk for masse tips. men er camden markedet bare i helgene?

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, det er alltid marknad i Camden. :) Og staden er full av småbutikkar (der det òg finst vintagekjolar).

      Slett
  8. å, hurra! for leste/hørte en plass at det bare var i helgene, og da ble jeg skikkelig skuffet. aldri fått dratt dit, tragisk nok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan vere det varierer med sesongane, men om sommaren har det i alle fall vore marknad der på kvardagane. Eg har aldri vore i London i februar/mars, så om det viser seg at det ikkje er marknad på kvardagane då, så finst stort sett det same i småbutikkane rundt omkring som det som er i bodene. :)

      Slett