føle:
II føle v2 (frå lty)
- granske ved å ta på; kjenne (II,4) f- med fingrane på tyet / f- ein på pulsen, tennene sjå *puls, tann / det er til å ta og f- på heilt tydeleg, konkret / f- seg fram trivle seg fram; prøve seg fram
- merke (noko) med sansane; sanse fysisk; kjenne (II,2) f- varme, kulde, svolt, smerte / f- seg sjuk / f- nauda på kroppen / du skal få f- kven som rår / f- på seg at det blir regn
- merke (noko) i hugen sin; kjenne (II,3) i sitt indre f- sorg og sakn / f- ansvar / f- seg glad, fri, letta, skamfull, (som) heime / det kan følast urettferdig, hardt / f- med nokon ha medkjensle med / f- for nokon tykkje godt om
kjærleik:
kjærleik m1 (norr kærleikr)
- det at noko er kjært; godhug; varande venskap; elsk; levande interesse k- til heimen, nesten, dei nære tinga
- rel: miskunn, godleik Guds k-
- erotisk dragnad mot eit anna menneske; erotiske kjensler mellom to menneske; elskhug den store k-en / fri k- samliv utan ekteskap / få k- til nokon / sanseleg k- / ulykkeleg k-
trøst/trøyst:
trøst el. trøyst f1 (norr traust 'tillit'; tyd. no frå ty. Trost; smh med I—III tru)
- (psykisk) støtte, lindring, lette, oppmuntring (i motgang, vonbrot, sorg) gje nokon t- i sorga / søkje, finne, få t- i Bibelen / seie eit ord til t- / ei mager, dårleg t- / det var da enda ei t- / du er einaste t-a vår den vi kan lite på
Av og til er det veldig fint å sjå på definisjonane av orda. Spesielt for så viktige ord.
SvarSlettJa, eg klamra meg til dei under nei-dagane mine.
SlettJeg vet ikke helt hvorfor, men å lese dette innlegget hjalp meg litt, jeg trengte dette. Takk.
SvarSlettEg er glad eg kunne hjelpe. Kjærleik til deg.
SlettDet er kjekt med slike blogginnlegg til tider :D
SvarSlettEg elskar min store nynorsk ordbok som er er langt over 20 år og er så mange rare ord i, hehe
Awh, ja, eg elskar framandordboka mi frå 1970-talet som er ei av dei få tinga eg har igjen etter besto.
Slett