mandag 30. april 2012

Snart sommar

I det eg var på veg heim igjen frå turen min i dag, gjekk eg langs Jekteviken og kjente lukta av noko - eit barneminne - solkrem og sjø. Lukta av varme, av å ville senke ein halvnaken kropp ned i vatn og ha sand mellom tærne og oppover beina, grave seg ned i sanden, verte eit sandmonster og le i lag med familie og vener som ofte var dei same. Liggje på flytebryggja og høyre havet skvulpe under meg. Kjenne bølgjer slå mot steinkaien... Og dette minnet var så sterkt at eg kunne kjenne havet kjøle meg ned på ny, eg var eit barn igjen. Åt eple rett frå trea sjølv om eg eigentleg ikkje tolte dei, fordi dei smakte så godt og var verdt litt kløe. Helste på nabokatten i hagen, vart kitla av pelsen hans mot den bare huden min og fekk eit smeltande hjarte av ein kattesnute mot innsida av handa mi, min panne mot hans. Og eg hadde blåbær til lunsj, berre ei skål full av nyplukka blåbær, litt sukker og ei skjei.

Det er snart sommar.

søndag 29. april 2012

Du er fantastisk

Eg er full av ord, men vil helst klemme deg, halde rundt deg, kysse deg. Prøver å gjere det eg skal, ikkje berre det eg vil, men det er vanskeleg når det finst så mange fine distraksjonar.

Dette handlar om glede. Om å stråle. Om å motta omslagsark for mastersøknad i posten og gjere slikt som før verka umogleg med ein penn i handa og eit smil om munnen.

Du gjer meg så utruleg glad at eg veit ikkje heilt kva eg skal ta meg til, men eg veit at eg liker det, liker deg, og gler meg til å smake deg og kjenne deg ved sida av meg igjen.

Hei, kjære, du er fantastisk.

torsdag 26. april 2012

Eg ber deg i hjartet mitt

Når glasbitane og tankeflugene vert
for tunge
og for mange,
så ber eg deg i hjartet mitt.


Når du ser ut av vindauget
og lufta følest som om ho kan skjere gjennom huden din,
så ber eg deg i hjartet mitt.

Når du er redd,
men ikkje veit kvifor,
så ber eg deg i hjartet mitt.

Når du er glad
og ikkje veit kvifor,
så ber eg deg i hjartet mitt.


Og når eit knippe av menn og kvinner,
barn og pensjonistar
- uavhengig av kulturell bakgrunn -
står samla og syng En himmel full av stjerner,
så ber eg deg i hjartet mitt
og har klemma du gav meg i håret. 

mandag 23. april 2012

Love generation

Hei!
Eg vil eigentleg berre seie at eg har det ganske fint.

Men: Om det er nokon der ute som ikkje har det så fint, så sender eg all mogleg kjærleik og klemmer dykkar veg. Og om de har det like fint som meg, eller endå finare, så kan de gjerne få ein klem likevel. 

Det finst så mykje vondt i verda, ein treng ikkje gå ut døra ein gong, ein kan finne det i sitt eige hjarte og sitt eige hovud, så sjølv om det ikkje løyser problema kan det ikkje skade med ein klem eller to.

torsdag 19. april 2012

Du er så utruleg vakker

"Du er så vakker når du græt i sollyset." Det var det han pla seie til henne når ho låg under han og hadde vansker for å puste. "Du er så utruleg vakker."

Etter han forsvann var ho alltid på utkikk etter menn med skjegg og skarpe kantar, slike som kasta vonde ord i ansiktet hennar, fordi for henne føltest dei som mjuke kjærteikn. Sjølv i eit forhold der ho så vidt fekk vere med ut om ho klamra seg til undersida av skosolen hans, følte ho seg meir elska enn han som fekk henne til å miste pusten.

Ho leita etter andedraget sitt i fleire år. Ho pla grave med fingrane i bed til framande fram til ho blødde frå naglebanda - og så grov ho litt til - fordi ho likte korleis den våte, oppsmuldra jorda blanda seg med det raude og klissete som ho aldri forstod seg på, og ho likte korleis det svei.

Eg møtte henne ein dag ho låg på kne i eit mylder av knust glas og småstein lagt igjen av konsekvensunnvikande menneske på jakt etter ei svart natt med ein svart katt. Blikket hennar var tomt. Eg tok henne med meg heim, prøvde å få i henne noko mat, men ho nekta å ete. Det var ikkje før eg sat tallerkenen på golvet at ho ville nærme seg han.

Det var inga ord å få ut av henne, eg trur ho mista dei langs vegen ein stad, og ho reagerte berre om eg plystra på henne eller klappa henne på hovudet.

No får ho kvart måltid servert på det området på golvet som er reservert for henne, og om natta søv ho i ei korg ved sida av senga mi. Ein gammal ven av meg seier eg bør sende henne til legen, at det er ikkje sunt det me held på med, men eg har aldri før følt meg så elska.

tirsdag 17. april 2012

Eg smiler likevel

Sola, som er i ferd med å gå ned bak den eine bustadblokka over vegen frå der eg bur, lyser inn på to skrivemaskinar (Pantoufle & Tchaikovsky), ein fiskeforma bamse (Ed) og ein tallerken frå Søstrene Grene med blåbær malt langs kanten.

Det er berre eg som er her no.

Eg sit her med feber og kvalme og hovudverk, den faste vårsjukdommen har funne meg igjen, men eg har vore på førelesing likevel. Etterpå ville eg helst gå meg ein tur, men eg var så svolten at eg trudde eg kom til å besvime og i går vart eg utmatta berre av å skulle rydde litt, så det må vente til formen er betre.

I det store og heile så føler eg meg ganske utslitt, men eg smiler likevel. Han gir meg grunn til å smile.

mandag 16. april 2012

Connection

The threads that connect us are not bound by space and time. What seems to the individual like a twist of fate, from another perspective is simply one of those threads pulled tight. How things should have been all along. And even when those threads seem irreparably frayed, they never break. Not completely. But sometimes the most important connection is here and now.

fredag 13. april 2012

Kanskje i morgen

Hun titter ut av vinduet, skjuler seg bak blondegardiner og hår. Hun er femten år, eller kanskje femti, det er så vanskelig å se hvem hun er bak de solbrillene hun alltid går med fordi hun én dag så Breakfast at Tiffany's og ble øyeblikkelig frelst.

"Pust gjennom det," tenker hun. "Det ordner seg."

Så hun løfter hodet mot himmelen, vinduet står på gløtt, og hun får en luftstrøm på vill oppdagelsesferd i kroppen hennes. Den invaderer henne som et tordenskrall. Hun kjenner den smyge seg gjennom blodårene, forbi musklene og skjelettet, til den skyter ut av tærne og hun ligger andpusten og forslått på gulvet.

Vinduet er igjen.

Kanskje hun klarer å gå ut i morgen.

tirsdag 10. april 2012

Plutseleg

Ting tar tid, men i blant skjer alt så plutseleg.

Plutseleg har eg ein som kyssar meg.
Plutseleg har eg søkt på masterutdanning.
Plutseleg får eg sannsynlegvis halde fram med å bu i same leilegheit som før, sjølv om fristen for forlenging av leigekontrakt eigentleg har gått ut.

Eg prøver å ikkje hoppe for langt om gongen, prøver å vere her med dykk alle.

Dagane med Kjersti var vedunderlege og det var fint å ha nokon å klemme igjen. I dag var det skikkelege bergensregnet tilbake, men eg vart mest takknemleg fordi det vaska bort blodet frå fingeren min som like før, med eit uhell, vart kutta av ein litt for skarp plastemballasje.

Eg er ikkje like redd lenger.
Eg smiler meir enn noko anna.
Eg er glad no.






fredag 6. april 2012

Påskepause

Eg har besøk av ei fin ei med raudt hår som for augeblikket sit på golvet mitt på ei madrass og syng/nynnar. Bloggen vert nok ganske stille dei neste dagane framover, så eg håpar alle har ein vedunderleg fin påskeferie og nyt han anten på fjellet eller i byen eller i ei varm omfamning eller uansett korleis de har lyst til å nytte fridagane.

onsdag 4. april 2012

Eg er lukkeleg

Han er utan hatt, men har ei stripete lue. Prøver Mayser-en min i blant. Og jazzeventyret forsvinn i bakgrunnen, alle komponistane og alle songane, dei tyder ikkje noko lenger, fordi no veit eg korleis det følest å ha funne ein som bryr seg og som tar kontakt fyrst.

Me er eit work in progress, men eg liker dette, har tru på dette, vil dette. Vil ha han. Heile han. Han held rundt meg med heile kroppen og heile hjartet og eg føler meg trygg, er ikkje nervøs lenger, vil berre kysse han og lytte til pusten hans medan Leonard syng om Suzanne og Marianne.

Eg er lukkeleg. Smiler til våren og det uvisse. Og no skal eg prøve å vere flink student fram til han kjem tilbake.

mandag 2. april 2012

Fredrik Åkare och Cecilia Lind

Stjärnorna vandra och timmarna fly
(...)
O kyss mig igen
sa Cecilia Lind

(Lenge leve Scenekraftverk!)