Han er utan hatt, men har ei stripete lue. Prøver Mayser-en min i blant. Og jazzeventyret forsvinn i bakgrunnen, alle komponistane og alle songane, dei tyder ikkje noko lenger, fordi no veit eg korleis det følest å ha funne ein som bryr seg og som tar kontakt fyrst.
Me er eit work in progress, men eg liker dette, har tru på dette, vil dette. Vil ha han. Heile han. Han held rundt meg med heile kroppen og heile hjartet og eg føler meg trygg, er ikkje nervøs lenger, vil berre kysse han og lytte til pusten hans medan Leonard syng om Suzanne og Marianne.
Eg er lukkeleg. Smiler til våren og det uvisse. Og no skal eg prøve å vere flink student fram til han kjem tilbake.
Så kjekt! Lukke til og god påske. Klem frå meg
SvarSlettTusen takk, kjære. God påske til deg òg!
SlettKlem tilbake <3
Så bra! Hjarte.
SvarSlett<3
Slettdet er på tide.
SvarSlett<3
SlettSnart kjem du på besøk! :D
Herlig!
SvarSlett<3
SvarSlett