I det eg var på veg heim igjen frå turen min i dag, gjekk eg langs Jekteviken og kjente lukta av noko - eit barneminne - solkrem og sjø. Lukta av varme, av å ville senke ein halvnaken kropp ned i vatn og ha sand mellom tærne og oppover beina, grave seg ned i sanden, verte eit sandmonster og le i lag med familie og vener som ofte var dei same. Liggje på flytebryggja og høyre havet skvulpe under meg. Kjenne bølgjer slå mot steinkaien... Og dette minnet var så sterkt at eg kunne kjenne havet kjøle meg ned på ny, eg var eit barn igjen. Åt eple rett frå trea sjølv om eg eigentleg ikkje tolte dei, fordi dei smakte så godt og var verdt litt kløe. Helste på nabokatten i hagen, vart kitla av pelsen hans mot den bare huden min og fekk eit smeltande hjarte av ein kattesnute mot innsida av handa mi, min panne mot hans. Og eg hadde blåbær til lunsj, berre ei skål full av nyplukka blåbær, litt sukker og ei skjei.
Det er snart sommar.
Ååååh, sånne "flashbacks" e herlige, og du beskrive dei så fint! :D
SvarSlettTusen takk. :)
SlettHar aldri vært en kjempefan av sommeren, (for vår og høst er mer min greie), men nå liker jeg den likvel. Fikk skikkelig sommerstemning da jeg leste dette tidligere i dag og sola skinte. Perfekt! Signerer som vanlig enkelt, jeg. Gidder ikke å logge inn. :P
SvarSlettEg er eigentleg slik eg òg, pluss vinter, er veldig glad i vinter, men det var eit fint minne å mimre tilbake til.
Slett<3
Og så var jeg plutselig der også. Takk for tidsmaskinen!
SvarSlettAwh, berre hyggjeleg!
Slett