Ting tar tid, men i blant skjer alt så plutseleg.
Plutseleg har eg ein som kyssar meg.
Plutseleg har eg søkt på masterutdanning.
Plutseleg får eg sannsynlegvis halde fram med å bu i same leilegheit som før, sjølv om fristen for forlenging av leigekontrakt eigentleg har gått ut.
Eg prøver å ikkje hoppe for langt om gongen, prøver å vere her med dykk alle.
Dagane med Kjersti var vedunderlege og det var fint å ha nokon å klemme igjen. I dag var det skikkelege bergensregnet tilbake, men eg vart mest takknemleg fordi det vaska bort blodet frå fingeren min som like før, med eit uhell, vart kutta av ein litt for skarp plastemballasje.
Eg er ikkje like redd lenger.
Eg smiler meir enn noko anna.
Eg er glad no.
Det e så fortjent, Birte!
SvarSlettEr så glad på dine vegne :D
SvarSlettLene
det er så flott de gangene alt bare plutselig ordner seg! håper våren din fortsetter å være like fantastisk.
SvarSlett(fikk forresten kortet ditt i dag, og jeg vil gjerne sende noe tilbake etterhvert, men tror ikke jeg har adressen din?)
Takk, det håpar eg òg. Og likeså. :)
Slett(Yay! Kan sende adressa på mail.)
Ser ut som du har det flott! :D
SvarSlettJa, akkurat no kan eg ikkje klage. :D
Slettoi, krittegningene mine og birtetegningen og alt sammen.
SvarSlettnå ble jeg glad, og jeg som var ganske molefunken da jeg våknet.
jeg satt nettopp og tenkte på deg, og hvor fint det var, alt sammen.
kyss på toppen av hodet ditt.
ps: dude, you got more bips than me!
Awh, så bra!
SlettKyss på kinnet. <3
Bip, bip - milkshake - BIP!
Håhå, så fint å lese! Jeg er glad på dine vegne!
SvarSlettSå glad på dine vegner!
SvarSlett<3
Takk. <3
SlettNyt! <3
SvarSlettEg gjer mitt beste!
SlettI dag postet en facebook-venn krittet på veggen med teksten "takk". Tenkte at du kanskje ville vite det, om det var du som skrev det.
SvarSlettDet er helst Kjersti som skriv med krit (sjølv om eg gjer det i blant), så det var nok ikkje meg, men koseleg at du fortalde om det likevel. :)
Slett