mandag 20. september 2010

Om å gjere det ein elskar

Do what you love, love what you do.
Det er noko slikt dei seier, er det ikkje?

-

Eg har vore utruleg heldig. Gjennom oppveksten har eg vore velsigna med fantastiske lærarar - Sandra, Elin Brit, Våga, Ragnhild x 2, Sveinbjørn... - og eg har innsett at kjærleiken eg har for desse flotte menneska har delvis ført til at eg no er andreårsstudent på integrert lektorutdanning ved UiB. Eg ville så gjerne vere like amazing som dei.

Tingen er at eg elskar litteratur og er interessert i språk, men eg vil ikkje nødvendigvis lære andre om det. Det eg verkeleg har kjærleik og lidenskap for, meir enn noko anna, er scenen og the big screen. Eg synest teater er det beste i verda og eg nær sagt pustar inn filmar og fjernssynsseriar, og etter eviglange diskusjonar med meg sjølv har eg kome fram til at eg vil ikkje berre lese og skrive om livet, eg vil leve det! Eg vil ta bachelor i teatervitskap og hjelpe til i kulissene. Eg vil jobbe med andre kreative, kunstneriske, sære menneske og eg vil vere del av kulturmiljøet. Kanskje får eg stilling ved eit teater i London og må ta undergrunnen til jobb, eller kanskje eg har gåavstand frå den litle leilegheiten min som skal ha eit vindauge med stor karm der eg kan sitje og dikte. Og så skal eg fylle krukker med små fargebombeplastperler og ha blomar i kvar ledige vase.

Eg vil tørre ta ein sjanse, vere okay med at ikkje alt er bestemt og trygt. Eg vil tørre ta eit leap of faith og leve.

24 kommentarer:

  1. Man lever bare én gang! Lykke til, og go for it!

    SvarSlett
  2. Ja, det er det eg har innsett. :) Takk!

    SvarSlett
  3. Gjør det du, Birte. Er det en ting jeg er sikker på, så er det at du klarer alt du bestemmer deg for, uansett hva. What makes you happy is what you need to do. <3

    SvarSlett
  4. Jippi, kan totalt digge det! <3

    SvarSlett
  5. Høyrest herleg ut, kjære Birte. Du kan klara kva du vil. Viktig med planar og draumar. Klem

    SvarSlett
  6. Oi, så fort du svarte. xD Eg sko liksom slettan, og skriva på nytt, siden eg klarte å skriva "sounds" to gonger. :P

    SvarSlett
  7. Haha, sorry. :P
    Facebook og Gmail er dei to sidene eg alltid har oppe.

    SvarSlett
  8. Håper du får det like gøy med det som jeg har det med japansken. :D Ingenting er gøyere enn å lære noe man faktisk alltid har hatt lyst til å lære mer om.

    SvarSlett
  9. Nøve: Hehe, det veit eg ikkje om er mogleg, men takk, det håpar eg òg. :)

    Katrine: Takk!

    SvarSlett
  10. Åh, så kjekt da :D Gjør det :D

    SvarSlett
  11. Ja, eg trur eg rett og slett må det. :)

    SvarSlett
  12. Av og til må ein berre hoppe i det. Eg er heilt sikker på at det kommer til å gå bra uansett kva du kommer til å finne på <3

    SvarSlett
  13. Det hørtes perfekt ut, Birte. Det er nok skjebnebestemt, tror jeg. Lykke til blir kanskje feil å si, men jeg sier det allikevel.

    SvarSlett
  14. Du har alltid vore ei kreativ og teaterglad jente. Kjempeglad i deg. Du får til det du vil... Stå på, jenta mi.

    Klem frå mamma :-)

    SvarSlett
  15. Tusen takk, mamma! Glad i deg òg. :)

    SvarSlett
  16. Hørtes spennandes ut, bra at du vett ka du vil. you can do it ;)

    SvarSlett
  17. for ein fin lidenskap! køyr på! :)

    SvarSlett