(Om/til morfar)
Eg er
Eg er i lufta du pustar,
Eg er
Eg er i lufta du pustar,
graset du går på med bare føter.
Eg held rundt deg,
snakkar med deg,
gir deg råd.
Eg er i lyset,
skuggen,
eg er i vinden
og bølgjene som slår mot land.
Eg er i veden som brenn og varmar deg.
Eg er i orda
og tankane,
minna,
hjarteslaga.
Eg er i haustmorgonen,
solnedgangen.
Eg er i kvart steg og kvar bursdagsfeiring.
Eg er i deg.
Med deg.
Rundt deg.
Du kan ikkje sjå meg,
men eg er her,
i kvar pulserande åre,
kvar solstråle.
Eg er.
Vakkert og tankevekkande.
SvarSlettTakk. <3
SvarSlettNydeleg, kjære Birte.
SvarSlettTakk, kjære Elin Brit.
SvarSlettBeautiful.
SvarSlett*Stor trøsteklem* Han va ein fantastiske person. Kondolere så mye.
SvarSlett