torsdag 24. mars 2011

Om å vere forelska

Eg vert forelska veldig ofte, det må eg berre innrømme. Eg vert forelska i doggvåte blad, regnbogar og kattar som går inn i butikkar. Eg vert forelska i bøker og filmar, songar og lydar (løvebrøl er noko av det finaste som finst), og ikkje minst vert eg forelska i menneske.

Nokre av forelskingane mine er sterkast i det fyrste augeblikket, og ligg og ulmar som glør i peisen, medan andre gradvis vert sterkare.

Eg seier "forelskingar" fordi eg elskar verkeleg desse tinga. Eg elskar, difor er eg, og kva er vel verda utan kjærleik og kjensler?

Noko av det fyrste eg hugsar å verte forelska i, er tre. Natur generelt, men tre har noko eige med seg, og det er det same med sjøen. Dei er majestetiske og har levd lenge før deg, og kjem til å leve vidare etter du for lengst er borte. Dei er så uendeleg vakre, og dei gir meg frysningar over heile kroppen.

Ein annan eg vart forelska i tidleg, var Poirot. Lite visste eg, då eg var på påskeferie hjå tanta og onkelen min på Fitjar eit år, at den belgiske detektiven eg såg på fjernsynet (og falt pladask for) kom til å definere resten av livet mitt. Ei heller kunne eg vite at eg i ein alder av nesten 21 år kom til å få møte skodespelaren som utan like gjer han til den mannen eg elskar så høgt, fiktiv eller ei.

Dei beste forelskingane er dei som skjer momentant og høglydt, men som likevel vert sterkare med tida, dei som redefinerer kjærleik. Slik har det vore med Poirot, og i det siste er det slik det har vore med Helen Mirren. Eg har hatt auga opp for henne i mange år, men særleg i løpet av eit halvt års tid no har denne forelskinga utvikla seg, og eg finn stadig fleire aspekt ved kunstnaren, kvinna og skodespelaren som får meg til å elske og respektere henne endå meir. Det gjer meg så glad å finne menneske som gjer verda til ein betre stad å vere, om det er i dagleglivet, i ei bok eller på ein skjerm.

Fordi me er verkeleg berre menneske, alle saman. Me prøver alle finne ut kva me vil med liva våre, me vil alle verte elska og føle at det me gjer har meining. Og eg trur det er ein god ting å verte forelska i det ein har rundt seg, å verdsetje menneska og naturen, akseptere og respektere forskjellane, smile av fellestrekka og hugse å ta litt hensyn. Kva kan vel vere betre enn ein kjærleiksgenerasjon?

5 kommentarer: