torsdag 26. mai 2011

Alltid

Ser du meg? Høyrer du meg? Bryr du deg om kva eg seier?

Desse tre spørsmåla som oppsummerer heile menneskerasen. Desse tre spørsmåla som oppsummerer hjartet mitt. Hjernen min. Desse tre spørsmåla som oppsummerer gåsehuden og frysningane nedover ryggen.

Eg ser deg. Eg høyrer deg. Eg bryr meg om kva du seier.

Du kan alltid snakke med meg. Det er ikkje alltid eg har eit godt svar å kome med, eit godt råd som løyser alle problema dine, men eg vil lytte og ynskje eg kunne ha gitt deg ein klem, der du sit i eit anna rom med laptopen på fanget. Og eg er her, berre ei tekstmelding unna.

Eg ser deg. Kjem alltid til å sjå deg. Vil alltid halde rundt deg, stryke bort den kortklipte luggen og kysse panna di.

Eg høyrer deg. Om du snakkar via tekst eller tale, vil eg alltid høyre på. Alltid lytte. Fordi eg trur du kan vere meir enn du er, du fortener meir enn du har og du kan gjere alt du vil, du treng berre ha like stor tru på deg sjølv som eg har.

Eg bryr meg om kva du seier fordi eg bryr meg om deg.

Eg veit dei seier at "alltid" er eit farleg ord, farleg å love slikt, men eg kan love deg dette fordi eg elskar. Eg vågar å elske, som er noko av det eg er mest stolt over når det gjeld kven eg er som menneske. Eg kan bake kjempegode kaker, eg har eit fint smil og eg vågar å elske. Alltid.

2 kommentarer: