søndag 22. mai 2011

Om tid

Eg er som Skallmann, eg likar å ta meg god tid. Eg likar å vere på busstasjonen ein time før Kystbussen går. Det gir meg ei indre ro å kunne sitje og høyre på musikk og gå ut til busstoppet ti minutt før bussen faktisk møter opp (som igjen er eit kvarter før han skal køyre). Eg likar å gå gjennom gågata i Haugesund utan å ha eit mål med det; kanskje endar eg opp med å svinge innom Hasseløy, eller så går eg bort til den gamle gravplassen på Hauge med gravsteinar frå 1800-talet, og kanskje gir eg ein klem til eit tre på vegen. Eg likar å kunne ta meg tid til å verte kjent med det som er rundt meg, utvikle eit forhold med omgjevnadene og difor kunne gå gjennom dei same gatene i hovudet mitt når eg byrjar få eit nervøst samanbrot fordi det er munnleg eksamen neste dag.

På fredag sat eg min lit til det norske Postvesenet og sendte 3600 ord x 3 med snakk om det moderne teateret etter 1960 opp til Bergen. Eg føler eg kan aldri vite korleis det har gått på eksamenar, spesielt ikkje etter eg byrja studere ved universitetet, men det gjorde godt å kunne bruke sjølvbiografien til Helen Mirren som ei av kjeldene.

I går var eg med ei av dei beste veninnene mine i Haugesund og såg på gamle klede som hadde fått nytt liv, me åt thaimat og gav kvarandre klemmar, som er noko av det beste med å ha ei god veninne. Om kvelden feira eg 21-årsdagen til ei anna god veninne og fekk tilbrakt tid med vener eg ikkje har sett så mykje til etter me var ferdige på Vardafjell, og det føltest inderleg godt å kunne snakke om gamle medieprosjekt (som i retrospekt var ganske elendige, men i det minste hadde me det kjekt).

Som ei gåve til meg sjølv for vel overstått heimeeksamen, og som motivasjon til endå meir pensumøving før eg skal ha to munnlege eksamenar i midten av juni, kjøpte eg denne nydelege boksen på Inmari. Eg veit ikkje heilt kva eg skal ha oppi han, kanskje de har nokre forslag? Det må i alle fall vere noko veldig fint.



6 kommentarer:

  1. I går var fint. :)

    SvarSlett
  2. Hørespillet du sikte t? Hahah, eg ler meg ihjel av det ennå! Va kjekt hos Hilde! :D

    SvarSlett
  3. Neinei, det var jo det beste høyrespelet nokosinne! xD
    Ja, det var gøy. :)

    SvarSlett
  4. Åh, boks. Esker, bokser, ting å ha andre ting i, jeg er manisk, får los når jeg er på Kremmerhuset, uten å ha mål eller mening med å kjøpe de, og ofte går de i søpla noen år senere i en av mine ta fram alt-sette i nye systemer-kaste halvparten-være fornøyd med alt en liten stund, så vil jeg ha forandring, igjen, guuuuuud... den var fin, da, det jeg skulle si.

    SvarSlett
  5. Awh, ja, esker og boksar er magiske. Truly. Klarer ikkje kaste dei fine, men eg har nokre skoesker som eg sannsynlegvis ikkje treng spare på lenger.

    SvarSlett