tirsdag 10. mai 2011

Pensumpollen

Eg skriv innlegg som ikkje skal publiserast før om eit halvt år og synest tida går forferdeleg fort og skrekkeleg seint på same tid. Eit av Apotek 1 sine pollenråd er å vere innandørs mest mogleg, men det går fint fordi eg må lese til eksamen og skal berre ut for å ta ein snartur til Spar og sjå om eg finn noko som ikkje får kroppen min til å gå amok, fordi eit anna punkt på pollenallergilista var: "Unngå røyk, sterke lukter og vær nøye med renholdet. I pollensesongen kan du være ekstra sensitiv for andre irritanter og allergener," og det kan eg skrive under på. Følest som om kroppen gjer mytteri mot seg sjølv.

6 kommentarer:

  1. Ja! Eg har raude prikkar på føtene mine og eg veit ikkje kvifor.

    SvarSlett
  2. God betring og lukke til med eksamen!

    SvarSlett
  3. God bedring.

    Høres ikke noe gøy ut å slite så mye med allergier som liksom er der konstant over lang tid. Poor thing.

    SvarSlett