tirsdag 3. mai 2011

Å ville gå til deg

Eg nys alltid tre gonger på rad, lurer på om det er slikt som vert bestemt av eit gen eller om det berre er ein kuriositet, som at eg seier "elsk meg" når eg bles bort lause augevipper. Og eg vil så gjerne gå til deg, gå i ti minutt, ringje på og høyre om du er i orden, slik som i den fyrste Sex and the City-filmen når Carrie snakkar med Miranda på telefonen og Miranda seier ho er i orden, men Carrie tar undergrunnen til henne på nyttårsafta likevel fordi ho veit at Miranda har det vanskeleg, og slik er det å vere glad i nokon. Venskap er å vere litt ekstra for nokon, strekkje på seg. Eg veit ikkje kva eg har rett til eller kva eg burde, om eg hadde vore velkomen eller om du hadde sendt meg bort. Kanskje du ikkje hadde opna døra? Så eg sender ei melding og ventar på at du skal svare, berre for å få vite at du lever.

4 kommentarer:

  1. Aw, heartbreak hotel.
    Jeg har også tenkt på vennskap i Sex and the City som malen på hvordan ting skal være. Man er der for personen og trenger ikke være redd for at vennskapet skal falle sammen "bare" fordi det skjer noe. Jeg skulle gjerne hatt flere slike venner. Men sånn kommer ved tilfeldigheter. Jeg er klar for tilfeldigheter.

    SvarSlett
  2. Ja, og ein må våge å vere litt ekstra.

    SvarSlett
  3. Så sant som det er sagt! Savner også det å bare komme på besøk til hverandre uanmeldt, det er så koslig pluss at man får "trening" i å takle sosiale situasjoner man ikke er forberedt på.. :)

    SvarSlett
  4. Ja, absolutt. :) Og stort sett trur eg den ein går på besøk til berre vert glad, fordi kven vil vel ikkje ha vener på besøk?

    SvarSlett