onsdag 13. juli 2011

Kvardagsmagi

I 1994 kom The Lion King ut, eg gjekk i barnehagen og såg filmen heime hjå eit syskenbarn; eg trur det var fyrste gong ein film fekk meg til å gråte. Filmen fylgde meg vidare, og hekken langs gjerdet i barnehagen (som det ikkje var lov å klatre i, men som bestevenen min og eg klatra i likevel) hadde eit område der det var svært mange greiner og lett å setje foten fast, eit område me gav namnet "hyenefella".

Med åra har det kome fleire filmar som har fylgd meg vidare gjennom livet, filmar som har gjort kinna våte, filmar som har fått latteren til å boble over og fylle heile huset, og filmar som har påverka meg så sterkt at dei har endra humøret mitt og måten eg tenkjer på.

Eg elskar film, DVD-samlinga nærmar seg 400 og i lag med fjernsyn og teater er det nok det eg har mest lidenskap for. Det er noko magisk med film, eit ømt blikk eller ein kjenslefylt dans, ein samtale som varer i nesten to timar utan at ein føler tida tikke forbi, fordi ein er i augeblikket. Hjartet, pulsen og pusten går i takt med rytmane i historia, og kvar historie har sin eigen rytme.

I dag skal eg ta farvel med eit magisk eventyr som har vart i ti år. Då Harry Potter-bøkene fyrst kom var eg skeptisk, eg har ein tendens til å vere skeptisk mot slike megasuksessar, slikt tilsynelatande "alle" elskar, men eg har likevel sett alle filmane på kino, og då eg byrja på vidaregåande vart eg endeleg overbevist av bestevenen eg har hatt frå eg vart fødd om at eg måtte lese bøkene (utanom den siste, som ikkje kom ut før i 2007). Med Regina Spektor-albumet Begin To Hope som soundtrack slukte eg den eine boka etter den andre, språket var godt og engelsken fantastisk, men eg var framleis ikkje heilt med på bølgja.

Harry Potter-serien (både bøkene og filmane) er ganske spesiell for meg, fordi det er den einaste serien eg kan kome på som har tydd meir for meg etter som åra har gått. For kvart år som passerer føler eg eit stadig sterkare band til han, og sjølv om det er fire år sidan eg las siste boka, er det i dag det verkeleg tar slutt. I lag med ei god veninne skal me fyrst sjå del 1 om igjen på kino før det er full fart til neste sal og del 2. Eg veit ikkje kva eg kjem til å føle når det heile er over, men eg har Sirius Black sin tryllestav med meg og prøver trøyste meg med tanken om at sjølv om det på eit vis er over i dag, vil historiene - bøkene og filmane - og ikkje minst minna leve vidare i meg.

Whether you come back by film or by page, Hogwarts will always be there to welcome you home. - J. K. Rowling, Harry Potter Live

6 kommentarer:

  1. Haha, jeg hadde løveklippen ved siden av huset mitt! xD

    (Og jeg begynte å grine da hun sa det, herregud.)

    SvarSlett
  2. Hahaha, ja, me hadde den òg. :P

    (Awh, ja, eg grein av så utruleg mykje i løpet av den sendinga. Og no har eg vore på premieren = fleire tårer.)

    SvarSlett
  3. Eg o syns Lion King va sjukt trist, og så fekk eg mareritt om an på kvelden, trur eg syntes Scar var litt skummel!

    "Det er noko magisk med film, eit ømt blikk eller ein kjenslefylt dans, ein samtale som varer i nesten to timar utan at ein føler tida tikke forbi, fordi ein er i augeblikket. Hjartet, pulsen og pusten går i takt med rytmane i historia, og kvar historie har sin eigen rytme." Det va FINT skreve, det! God beskrivelse. :)

    Og ja, va litt skeptisk te bøkene te å begynna med eg òg. Huska eg fekk dei 3 fusste bøkene då eg gjekk i 6.- elle 7. klasse, og då hadde eg egentlig aldri hørt om Harry Potter... MEN når eg satte meg ner og leste - WOW, då tok det av! Trur eg har lest alle bøkene, utenom den sista, sånn 3-4 gonger, inkludert på engelsk. Trist at det e øve, men det e jo best å gi seg på topp - hadde vore kjipt om det kom fleire bøker/filmar og dei ikkje svarte te forventningane - då vil eg jaffal heller leva videre med dei minnene eg har og lesa og oppleva bøkene og filmane på nytt. :)

    Du va heldig som fekk gå på premieren, e nåke magisk med bare det... Eg vente fremdeles i spenning... Angre litt på at eg lovde å sjå an med Myggen nå. Haha. :P

    SvarSlett
  4. Hilður: Trur eg fekk det eg òg, men no elskar eg Scar (altså, ikkje handlingane hans, men han er så herleg òg, trur kanskje det er mest fordi Jeremy Irons har stemmen hans xD).

    Takk! :)

    Ja, det har du heilt rett i. Quit while you're ahead.

    Haha, skjøner eg godt. :P Har fri kvar kveld, eg...

    SvarSlett
  5. såg HP onsdag. eg grein og grein og grein, etterpå og undervegs. det er trist at det er over no, etter ti år, men det har vore fantastisk!

    SvarSlett
  6. Ja, det har det verkeleg. :) Det eg grein mest av var minna til Snape, dei hadde laga det så fint og Alan Rickman er så fantastisk og... sukk, det var nydeleg.

    SvarSlett