søndag 24. juli 2011

Mental pustepause

Ein kan ikkje berre sitje og sjå på nyheiter heller, hjartet og hjernen treng nokre pustepausar. Så etter jobb (der NRK si nyheitssending stod på heile dagen) har eg bygd hus og vore på kino med foreldra mine (Midnight in Paris = Woody Allen = kjærleik). Dei fleste som kom på museumsbesøk i dag var nordmenn, så kanskje dei søkte nokre pustepausar dei òg.

Noko av det beste me kan gjere er å halde fast ved alt det gode me framleis har i liva våre.



3 kommentarer:

  1. Jeg velger å sove bort timer. Når jeg får sove. Og se dårlig tv. Sitter med to tanker i hodet konstant: Fy faen og jeg er så heldig. Ah...

    SvarSlett
  2. Heilt forferdeleg at nokon kan gjera noko slikt. Det er så uverkeleg og det er mykje grusomt å ta inn. Det var fine minnemarkeringar i dag, eg for min del var i skogen og plukka blåbær, men har sett ein del på tv nå i kveld. God klem frå Elin Brit

    SvarSlett
  3. Ane: <3

    Elin Brit: Ja, det er ikkje til å forstå. Eg var med i fakkeltoget i Haugesund i går, utruleg sterkt å vere éin av 15.000 som stod saman på Rådhusplassen og høyrte på talane, samt song Til Ungdommen i lag. Menneske er fine dyr.
    God klem

    SvarSlett