♥ å lese bok på kafé
♥ å høyre ein gammal venegjeng snakke om dei dei har mista og le når dei mimrar tilbake til alt dei fann på som unge
♥ to tenåringsveninner som nettopp har vore hjå frisøren og sjekkar korleis dei ser ut ved kvar moglegheit
♥ ein som har kjøpt seg cappuccino for å verke vaksen, men alt han eigentleg vil ha er skummet
♥ koselege legar
♥ ein lege som stråler når han fortel om seglflyet sitt
♥ å gå på infomøte om Filmfestivalen, der du skal jobbe
♥ å få flashback etter flashback og berre smile
♥ å ha fått tilbake hårfargen "sin"
♥ å late som ein lever på 30-talet
♥ å halde døra open for gamle damer
♥ når det er så lenge sidan sist du høyrte på eit band at du har gløymt ut kor geniale dei er, men du hugsar framleis tekstane (Garbage ♥)
♥ å kjøpe CD av mannen med hatt
♥ å drøyme seg bort
♥ å møte på ein tidlegare lærar som meiner du bør besøke Cambridge, fordi han trur du hadde likt deg der
♥ at enkelte songar vert spelt på radioen uansett kor gamle eller bra/dårlege dei er, berre fordi det er sommar (Blir du med og lyser etter krabber? For krabber er det beste jeg vet)
♥ når du tenkjer over kor mange du har i livet ditt som hadde gitt deg ein klem akkurat no, hadde dei vore der du er
Det med Cambridge stemmer nok! Veldig Birtete. (Og så Oxford da!)
SvarSlettMe skulle eigentleg til Oxford på dagstur då eg var på språkreise, men den planlagde turen var berre få dagar etter terrorangrepet i London, så me vart igjen i Bournemouth i staden for.
SvarSlett(Det var Gatsby som kom med forslaget, btw, men eg reknar med du skjønte det. :P)
Eg liker dette innlegget. Eg herme!
SvarSlett-Silje Sk.
Haha, takk! :P
SvarSlettVi kan kanskje dra der neste sommer? :)
SvarSlett(Haha, jeg tenkte egentlig ikke over det, men er ikke akkurat overrasket :P)
I'd like that. :)
SvarSlett(:P)
Mange fine ting. Har ein liste med fine ting sjølv i ein av notatbøkene mine.
SvarSlettEg vil klemme deg <3
Ja, i Bergen har eg ei notatbok der eg berre skriv fine ting, og eg har ein del å leggje til når eg har kome meg opp igjen dit. :)
SvarSlett<3
Nydelig innlegg :)
SvarSlettTakk, sweetie. :)
SvarSlettTakk, du gjorde meg akkurat et par hakk mindre deprimert :)
SvarSlettAwh, så bra! :)
SvarSlett