lørdag 24. september 2011

Slikt som gjer godt

♥ når kassedama på Spar sit og kikkar i Dagbladet du skal kjøpe før ho unnskuldar seg og seier at ho var berre så spent på vêrmeldinga for dei neste dagane

♥ å lytte til ei Tom Waits-speleliste laga av ei slik nydeleg ei (men du må gjenskape ho i iTunes fordi du bruker ikkje Spotify)

♥ å le høgt av Real Time with Bill Maher og Gerard Butler på The Late Late Show with Craig Ferguson

♥ å lese kva Knut Nærum har skrive i Dagbladet ("[S]kal jeg først bli ranet, vil jeg at det skal skje med mest mulig empati.")

♥ peparmyntete i firekronerskoppen frå Styvis Handleri

♥ linsesuppe til middag

♥ roser som framleis er i live

♥ skarp haustluft

♥ mørk himmel

♥ kaleidoskop

♥ skrivemaskinskrivne brev i voksforsegla konvoluttar som skal ut i verda

♥ tekstmeldingar frå Ane

♥ å kjenne hjartet hoppe av Facebookinnlegg (som gjer vondt òg, men litt godt er det jo)

Om å skrike

Jeg så ut vinduet og plutselig var det høst. Det er et helt fantastisk lys ute nå og bladene har begynt å dø, bli en del av kretsløpet.

Vi har regn og sol, men ingen regnbue.

Den siste bussen kjører forbi mens jeg deklamerer en dårlig forberedt monolog i sengen min, fordi jeg er ikke en skrikeperson og noen ytterst få ganger hjelper det ikke å skrive, man må bare snakke og høre ordene forsvinne, gå i oppløsning.

Du vet, jeg lever i tekstene mine. Jeg kan få deg til å høre på meg med tekstene mine. Diskutere med deg, sjarmere deg, si at jeg elsker deg, men av og til strekker det ikke til å få utløp gjennom disse bokstavene jeg er så glad i og alle puslespillene ligger hjemme hos foreldrene mine, så jeg prøver å finne nye måter å fungere på.

Jeg hadde for mange ord i brystkassen min som ville ut. Jeg lå og gråt, hikstet, smilte, lo. Ville kysse deg før jeg husket hvor du var, men jeg er fremdeles glad i deg, tror fremdeles at stemmen din kan redde verden. Man bare føler seg så hjelpeløs i blant når himmelen er svart og man bruker opp 30 papirlommetørklær til dagen.

Men jeg prøver. Gir aldri helt opp.

Nå skal jeg gå ut i det vakre lyset og se om jeg finner det jeg leter etter.

torsdag 22. september 2011

Kvil i fred, Troy Davis

Eg har ikkje klart å leggje meg i natt, har ikkje klart tanken på å liggje og sove medan ein ny person vert offer for dødsstraff. Eg har alltid vore i mot dødsstraff, men det vart gjort klarare for meg etter å ha høyrt Kerry Max Cook halde eit føredrag om hans personlege forhold til det på Studentsenteret for to år sidan.

Troy Davis vart drepen for ti minutt sidan, han heldt fast ved at han var uskyldig til hans siste sekund. Eg har ikkje god nok kunnskap om verken saken eller rettssystemet til å skulle kommentere skuldsspørsmål, det eg ikkje skjøner er kvifor ein skal drepe nokon i det heile tatt. An eye for an eye? Har me ikkje kome langt nok i dagens samfunn til å kunne avstå frå slik barbarisk oppførsel?

I dei fleste sakar vil det vere tvil om nokon er skuldig eller ei, det vil vere motstridande bevis, sakar er ikkje så logiske og enkle å løyse som på CSI og andre kriminalseriar (and don't get me wrong, eg er stor fan av fleire av dei seriane), og berre tanken på å skulle ta ein annan person sitt liv når det framleis er såpass mykje tvil er heilt uforståeleg for meg. Eg sit her og kjenner at eg klarer ikkje ein gong å skrive det eg verkeleg vil, fordi det er så ufatteleg at eg bokstaveleg talt vert ordlaus. Eg håpar at dagen når dødsstraff vert avskaffa ikkje er langt unna.

Kvil i fred, Troy Davis.

lørdag 17. september 2011

Precious possessions

Delvis inspirert av Ane og delvis av eige initiativ skriv eg dette innlegget dedikert til (nokre av) tinga mine som eg er mest glad i. Det handlar ikkje om materialisme, det handlar om minne. Det handlar om skrivemaskinar som seier *pling* når ein kjem til enden av linja og bøker som andre har elska før deg, lese før deg. Det handlar om klasseturen til Polen, Tsjekkia og Tyskland som du nesten ikkje hadde overlevd utan den eine læraren som du framleis kan kalle ein ven. Det handlar om å leve og finne slike ting som gjer livet litt betre, litt finare.


























mandag 12. september 2011

Før lyset forsvinn

Klokka er mykje no. Tankane flyr til ein mosaikk av minne, klarer ikkje få tak i éi enkel hending. Vil strekkje ut armen, plukke ned det beste, men du held meg igjen i tilfelle eg mistar fotfestet. Du meiner det godt, men eg må gå sjølv no. Gå midt i vegen fordi rushtrafikken gjer meg levande igjen. Du ville ha vore ytst på fortauskanten, men eg må prøve sjølv.

Eg er vaksen no, veit du. Kan knyte skoa mine sjølv og handle mat åleine. Treng ikkje handa di som styrer handlevogna, eg berre tar ei av dei små korgene på armen, likar ikkje lyden av gummihjul mot belegg og korleis dei alltid snur seg i feil retning. Det stressar meg at eit dødt objekt kan vise så mykje meir viljestyrke enn meg. Så eg tar heller den vesle korga på armen. Burde kanskje ta med ei personleg korg, ei slik piknikkorg som farmor hadde pakka den dagen ho og farfar vart forelska, med heimelaga jordbærsyltetøy, knekkebrød og te på termos.

Likevel saknar eg orda dine, men eg veit at dei finst der ute på himmelen, blant stjernene. At om eg tar fram kikkerten min så kan eg finne dei igjen, alle råda eg har gløymt, som kva såpe ein skal bruke på tapet og korleis du kan vite at nokon verkeleg elskar deg.

Og om eg held pusten kan eg høyre songen me pla danse til, kvar søndag kveld, etter nyheitene var ferdig og før lyset forsvann.

fredag 9. september 2011

Andedrag og hjarteslag

Det var å liggje ved sida av deg, vere del av verda me skapte i eit rom utan kjøken, men med vindauge som minna oss på at det framleis fanst ei sol og at skyene ville verne oss.

Det var å kysse huden din, stryke armen din utan å røre deg, lage små augeblikk som berre var mine medan du sov og snudde på deg, på meg, var to i det same krinslaupet, same mønsteret sidan før rasen vår eksisterte, men det føltest likevel så nytt og nært, eksepsjonelt og heilt vårt eige.

Det var å sjå deg inn i auga, verkeleg sjå deg, høyre tangentane gi gjenlyd i kvar celle i kroppen min. Som om du hadde vore der før, som om eg kjente deg, kjente deg igjen, dei same orda og det same smilet, men ein ny latter, ein ny hatt.

Det var timane me delte, denne verda som var vår, var mi, som framleis finst inne på det rommet om me tar oss tid til å leite, sjølv om boka er borte og eg har fått smykket mitt tilbake.

Det var å verte varm igjen, senke skuldrene og leve, og lytte til improvisasjonen av andedrag og hjarteslag.

tirsdag 6. september 2011

Heartbreakingly wonderful: A one o'clock confession

There's this marvellous thing that happens at night, the world goes quiet and it's as if you can hear the whole apartment building breathing.

I still love you, you know, I'm just tired and sad, and I would've wished you a happy birthday if I'd had the strength.

Instead I watch movies and cry, and then I try to write something but it evolves into nothingness. More than anything I should be sleeping, but I can't, my mind won't shut up.

And I'm not looking for pity, I just want you to understand. I've never been the perky, upbeat person in the group and I never will be. I'm the idealistic romantic who adores human anatomy and would love you more than you can possibly imagine. And yes, my mind turns dark sometimes, but how can you see the light without the dark?

(I'm rambling, sorry. This is probably one of those I shouldn't post, but where's the fun in that, eh?)

Oh, and also, take Kjersti's advice and watch Peter's Friends, it's heartbreakingly wonderful.

fredag 2. september 2011

Music's the only thing that makes sense anymore, man. Play it loud enough, it keeps the demons at bay.

All you need is love.
Det er ikkje mogleg å verte lei Across the Universe, eg veit i alle fall ikkje korleis ein klarer det.

Det har vore mange gråtedagar/-kveldar denne veka (for å vere ærleg har det eigentleg vore det i fleire veker). Litt for mange tankar og litt for mykje sakn, mange hendingar som eg ikkje er sikker på om eg har arbeida gjennom eller ei, men eg prøver. Har ei sterk kjensle av at eg treng å skape noko, men eg klarer ikkje skrive, ikkje slik som eg vil. Så eg jobbar med kjærleiksfilmen min (har tatt eviglang tid, I know, men det vert ein film til slutt, eg lover), og så drøymer eg om å kjøpe eit gigantisk lerret og splæsje maling og bringebær på det.

Aller mest skulle eg ha stått i ein lysning i skogen og gitt frå meg eit Ronjavårskrik (haustskrik?), men i Bergen er det folk over alt og eg vil ikkje skremme nokon. Så eg sit i leilegheiten min og ser film, les pensum, drikk te, drikk varm sjokolade medan eg høyrer på Hot Chocolate-spelelista og sender så mykje kjærleik ut i verda som eg berre klarer.

-

Og kjære menneske: Ver snille mot kvarandre. Elsk kvarandre. Smil til framande. Gi den ekstra klemmen som du ikkje er heilt sikker på om du skal gi eller ikkje. Ver ærleg. Sei kva du meiner, men vis hensyn. Ver aksepterande, vis respekt og ver tolerant. Vis kjærleik. Ver eit medmenneske.

Love is all you need.