fredag 2. september 2011

Music's the only thing that makes sense anymore, man. Play it loud enough, it keeps the demons at bay.

All you need is love.
Det er ikkje mogleg å verte lei Across the Universe, eg veit i alle fall ikkje korleis ein klarer det.

Det har vore mange gråtedagar/-kveldar denne veka (for å vere ærleg har det eigentleg vore det i fleire veker). Litt for mange tankar og litt for mykje sakn, mange hendingar som eg ikkje er sikker på om eg har arbeida gjennom eller ei, men eg prøver. Har ei sterk kjensle av at eg treng å skape noko, men eg klarer ikkje skrive, ikkje slik som eg vil. Så eg jobbar med kjærleiksfilmen min (har tatt eviglang tid, I know, men det vert ein film til slutt, eg lover), og så drøymer eg om å kjøpe eit gigantisk lerret og splæsje maling og bringebær på det.

Aller mest skulle eg ha stått i ein lysning i skogen og gitt frå meg eit Ronjavårskrik (haustskrik?), men i Bergen er det folk over alt og eg vil ikkje skremme nokon. Så eg sit i leilegheiten min og ser film, les pensum, drikk te, drikk varm sjokolade medan eg høyrer på Hot Chocolate-spelelista og sender så mykje kjærleik ut i verda som eg berre klarer.

-

Og kjære menneske: Ver snille mot kvarandre. Elsk kvarandre. Smil til framande. Gi den ekstra klemmen som du ikkje er heilt sikker på om du skal gi eller ikkje. Ver ærleg. Sei kva du meiner, men vis hensyn. Ver aksepterande, vis respekt og ver tolerant. Vis kjærleik. Ver eit medmenneske.

Love is all you need.

10 kommentarer:

  1. Du kan bare ringa meg hvis det e noe, eller senda meg melding. Glad i deg vet du :) Å du må sei fra når du komme hjem! :) Neste helg ska eg t Hilde da.

    SvarSlett
  2. Siri: Takk for det, og likeså. <3
    Ja, skal gjere det. :) Awh, that's okay, eg får besøk av Oda den helga.

    SvarSlett
  3. Fineste filmen. Fineste Beatles. Fineste Birte. <3

    SvarSlett
  4. Håper du har det betre nå, kjære deg, og du, berre skrik du, viss det er det du føler for. Det vil nok få deg til å føla deg betre, få det ut!Det er så mykje sant i det du skriv. Stor klem frå meg

    SvarSlett
  5. Takk, kjære. <3 Har ikkje kome noko skrik enno, men me får sjå kva som skjer, har eit lerret som ventar på meg òg.
    Stor klem tilbake <3

    SvarSlett
  6. Eg skulle ønska eg kunne ta bussen til Bergen berre for å gi deg ein klem.

    SvarSlett
  7. Æsj, avstand suger.

    ...Meeen du kan få visuelle klemmer viss du vil :D

    SvarSlett