Det var å liggje ved sida av deg, vere del av verda me skapte i eit rom utan kjøken, men med vindauge som minna oss på at det framleis fanst ei sol og at skyene ville verne oss.
Det var å kysse huden din, stryke armen din utan å røre deg, lage små augeblikk som berre var mine medan du sov og snudde på deg, på meg, var to i det same krinslaupet, same mønsteret sidan før rasen vår eksisterte, men det føltest likevel så nytt og nært, eksepsjonelt og heilt vårt eige.
Det var å sjå deg inn i auga, verkeleg sjå deg, høyre tangentane gi gjenlyd i kvar celle i kroppen min. Som om du hadde vore der før, som om eg kjente deg, kjente deg igjen, dei same orda og det same smilet, men ein ny latter, ein ny hatt.
Det var timane me delte, denne verda som var vår, var mi, som framleis finst inne på det rommet om me tar oss tid til å leite, sjølv om boka er borte og eg har fått smykket mitt tilbake.
Det var å verte varm igjen, senke skuldrene og leve, og lytte til improvisasjonen av andedrag og hjarteslag.
*hjartehjarte*
SvarSlett