mandag 12. september 2011

Før lyset forsvinn

Klokka er mykje no. Tankane flyr til ein mosaikk av minne, klarer ikkje få tak i éi enkel hending. Vil strekkje ut armen, plukke ned det beste, men du held meg igjen i tilfelle eg mistar fotfestet. Du meiner det godt, men eg må gå sjølv no. Gå midt i vegen fordi rushtrafikken gjer meg levande igjen. Du ville ha vore ytst på fortauskanten, men eg må prøve sjølv.

Eg er vaksen no, veit du. Kan knyte skoa mine sjølv og handle mat åleine. Treng ikkje handa di som styrer handlevogna, eg berre tar ei av dei små korgene på armen, likar ikkje lyden av gummihjul mot belegg og korleis dei alltid snur seg i feil retning. Det stressar meg at eit dødt objekt kan vise så mykje meir viljestyrke enn meg. Så eg tar heller den vesle korga på armen. Burde kanskje ta med ei personleg korg, ei slik piknikkorg som farmor hadde pakka den dagen ho og farfar vart forelska, med heimelaga jordbærsyltetøy, knekkebrød og te på termos.

Likevel saknar eg orda dine, men eg veit at dei finst der ute på himmelen, blant stjernene. At om eg tar fram kikkerten min så kan eg finne dei igjen, alle råda eg har gløymt, som kva såpe ein skal bruke på tapet og korleis du kan vite at nokon verkeleg elskar deg.

Og om eg held pusten kan eg høyre songen me pla danse til, kvar søndag kveld, etter nyheitene var ferdig og før lyset forsvann.

4 kommentarer:

  1. legger igjen en *klem*, jeg - kan trenges nå i høsten.

    SvarSlett
  2. Takk for det og *klem* tilbake. :) (Eg skreiv på vegne av ein annan fiktiv person for å få mitt eige på avstand. Det hjelpte i augeblikket.)

    SvarSlett