mandag 17. oktober 2011

I'm not calling you a liar

I'm not calling you a liar, just don't lie to me.

Eg ser det i auga dine når du kjem inn på kjøkenet. Eg høyrer det i stemmen din når du legg toneleiet eit hakk for høgt til at det verkar truverdig. Me har vore gjennom dette før.

Du gir aldri pengar til tiggarar, så eg prøver å gi dei nokre myntar utan at du legg merke til det. Eg kjenner meg igjen i fillene deira, i dei slitte tøystykka med sømmar som går i oppløysing kan du finne tankane mine, om du leitar litt ser du at dei klamrar seg fast til trådane du er så god på å nappe i slik at heile verda mi raknar. Du sa at Amalie var den siste, men eg burde ha lært etter så mange år, burde ha lært at den siste er berre den fyrste i ei ny rekkje av repetisjonar, du prøver ikkje ein gong å dikte opp nye løgner lenger, som om eg ikkje er verdt tida det tar å kome på ei god historie.

Venene mine seier eg er gal som lét deg vere, dei skjøner ikkje korleis eg kan la deg sove i same seng som meg kvar natt, men dei veit ikkje korleis det er å dele bokhylle med nokon. Å flytte inn ein septemberdag og oppdage at ein plutseleg har to eksemplar av alle yndlingsbøkene sine, til og med dei obskure barnebøkene og meisterverka som er skrive på språk ein ikkje kan lese, fordi sjølvsagt må ein ha meisterverka på originalspråket uansett om ein kan forstå dei eller ei. Dei veit ikkje om alle nettene på teppet framfor peisen med vinglas og hovudet mitt i fanget ditt medan du les til meg, desse orda me ikkje kunne, men me likte så godt korleis dei såg ut, korleis dei inviterte til noko som verka større enn oss.

Eg fortalte dei om bukettane og stemnemøta, men eg heldt for meg sjølv at du alltid opna døra for meg og kyssa meg på handa før me sa god natt, det gjorde ingenting om det var kvelden før eller morgonen etter, og eg likte så godt kor gammaldags du kunne vere.

Det er ikkje som om eg tilgir deg forholda dine, men eg aksepterer dei som ein del av deg, som ein del av det eg må tole for å få leve med deg. Eg har alltid visst at ein mann av ditt slag må delast med verda, det ligg i din natur å vere fem stader på same tid og eg ville aldri stå i vegen for deg, dessutan visste eg at du alltid kom tilbake. Natta var vår.

And I love you so much I'm going to let you kill me.

12 kommentarer:

  1. kjære.

    jeg håper dette ikke er sant.

    SvarSlett
  2. Historia er ikkje sann, men element av ho er frå mitt eige liv, på eit vis.

    SvarSlett
  3. <3

    Du klare å skrive slikt at ein kjennar det altfor godt inni sjela sjølv om ein ikkje har vore i den situasjonen.

    SvarSlett
  4. Det er yndlingsteksten min, som du har skrevet. N y d e l i g !

    SvarSlett
  5. Tror kanskje jeg er enig med Siri.

    "Dei veit ikkje om alle nettene på teppet framfor peisen med vinglas og hovudet mitt i fanget ditt medan du les til meg, desse orda me ikkje kunne, men me likte så godt korleis dei såg ut, korleis dei inviterte til noko som verka større enn oss."

    Du vet når du leser en setning og den bare slår mot deg så du kjenner det både i hjertet og i tårekanalene? Sånn var den setningen for meg.

    SvarSlett
  6. Dette var nydelig. Fremtid som forfatter ligger i kortene her!

    SvarSlett
  7. Fyflate så fantastisk skrevet! Elsker det! :D

    SvarSlett