Når du står og lagar middag og plutseleg byrjar å smile, eit slikt skikkeleg breitt smil som gjer godt heilt ned i magen, fordi du er i leilegheita di med nye glaskrukker frå Søstrene Grene som skal få ny te oppi seg som du kan røre rundt i med ei av dei nye skjeiene som du kjøpte åtte av, fordi du ville ha ei i kvar farge.
Når du går frå førelesinga og må stoppe opp og ta nokre bilete, fordi haustlyset er så nydeleg og alle fargane er slik som verda er i hovudet ditt.
Når du får invitasjon til ei bursdagsfeiring på fredag og du gler deg.
Og på slike dagar er denne songen ekstra kjekk å høyre på med så høgt volum som mogleg:
Ja, hausten og livet er verkeleg herleg, Birte. Klem frå Elin Brit
SvarSlettFin song, forresten :)
SvarSlettVeit du kva? Eg kjøpar sånne skjeier når eg ser at dei er i ein farge eg ikkje har, difor har eg ein haug, untatt svart fordi den har eg 4 av.
SvarSlettDet er for fint lys ute nå. Tar bilete nesten kvar morgon nå *hjartehjarte*
Så fantastisk <3
SvarSlettOg sangen er fantastisk, fy søren.
Elin Brit: Fargane og lufta er magisk. :)
SvarSlettLene: Ja, eg hugsar det frå i sommar då me var på Søstrene Grene i lag i Stavanger. :) Eg har berre dei åtte så langt, men kjem gjerne til å utvide samlinga eg òg etter kvart.
Awh, så koseleg! <3
Ane: Mmm, ja. <3
Florence ftw!
Høres fantastisk ut!
SvarSlettDet var ein god dag. :)
SvarSlett