Av og til må du liggje på gras og murstein og sjå på skyene medan du snakkar med nokon for fyrste gong, i ein bydel du aldri har besøkt før, men som du momentant forelskar deg i. (Og så forelskar du deg litt i personen, fordi nokre menneske er så fine.)
Av og til må du ta toget i 16 timar tur/retur fordi nokre menneske og noko musikk er verdt det. Og så ventar du utanfor Spektrum i førti minutt før dørene opnar medan alle andre i nærleiken går forbi, men det gjer ingenting fordi vêret er fint og snart skal du kjøpe eit usannsynleg dyrt glas med kvitvin, og plutseleg står du og snakkar med ei anna dame som skal på den same konserten og når de samanliknar billettane dykkar så finn de ut at de sit rett oppforbi kvarandre.
Av og til må du gå forbi ei gate med sperringar og få vondt i hjartet av VG-avisa på utstilling, men du prøver å fokusere på det gode, på kjærleiken, og så går du heller inn i VG-bygget og kjøper ein bukett som du skal gi til to søte studentar.
Av og til må du sitje på den kafeen som du alltid besøker når du er i Oslo der det sit ein mann nedforbi deg som les Øyer i hjertet av Tove Nilsen, og før du veit ordet av det har du fire fullskrivne sider i moleskinen din om korleis du trur livet til kafémannen har vore og du får lyst til å prikke han på skuldra og takke han for inspirasjonen, men du mistar motet i siste sekund.
Av og til er livet så fint, musikken så bra, paret du bur hjå så fantastisk og dei du møter igjen etter mange år så vedunderlege at du berre må smile. (Og så gler du deg veldig til å framkalle eingongskameraet som har vore med på turen.)
Det hørtes ut som en aldeles fortreffelig tur - vel unt!
SvarSlettTakk, det var det! :)
SvarSlettÅh, så bra å høre at du har hatt fortreffelige dager! Oslo har sin sjarm- om man slipper å bo der, hosthark. Så veldig glad for at det ble en positiv opplevelse. Og smått misunnelig på at du fikk se en av dine elsklinger, jeg skulle gjerne sett noen jeg også. Men y'know. Det skjer en gang!
SvarSlettTakk. <3
SvarSlettAwh, ja, nydelege Antony. <3
:) fint.
SvarSlettTakk. <3 Sakna deg då eg gjekk forbi Yogurt Heaven.
SvarSlettSounds like you had a good time :-)
SvarSlettI did, and a big part of that was because of you. <3
SvarSlettDet virker som du hadde ein fin tur. Likar at ting blir betre enn kva ein forventa på forhånd :D
SvarSlettJa, eg hadde det, det var veldig fine dagar. :)
SvarSlett