torsdag 20. oktober 2011

Om teater

Nokre gonger, når månen er halv og skjult bak eit forbigåande skydekke og det bles opp til storm, så er det best å sitje i øvste etasje i eit nesten 100 år gammalt bygg og vere på teaterpremiere. Amanda fra Haugesund fekk meg nesten til å knekke saman av både latter og tårer, og det var med eit smil og ein indre varme at Oda og eg dro for å vere med på premierefesten (det er ikkje kven som helst som kan seie at dei har vore på fest med blant anna Jon Eikemo, Jørgen Langhelle og Hanne Krogh).

Det er nemleg ikkje så lett å vite kva ein skal gjere når ein ikkje lenger veit om ein likar den ein elskar, men teaterkjærleiken vil aldri forsvinne, teater har gitt meg den same gode kriblinga gjennom heile livet, og etter å ha snakka med både produksjonsleiaren og teatersjefen håpar eg å vere litt nærmare å kunne jobbe med dei same personane om rundt eitt år. Time will tell... For augeblikket skal eg nyte den mørkeblå himmelen, den halve månen, den bitre sjokoladen og den varme, gode (koffeinfrie) kaffien. Det følest fint å vere heime.

8 kommentarer:

  1. Ååh, det e så herligt når opplevelsar, som t.d. teater elle film får deg te å føla på den måten! :D

    Hørres ut som om dåkke hadde ein superfin kveld! Vel fortjent. :)

    SvarSlett
  2. Ja, det er då det vert magi og du veit at dei som står bak har gjort noko ekstraordinært. :)

    Takk, me hadde det. :)

    SvarSlett
  3. Skulle gjerne ha sett den, men den kjem vel ikkje til Stavanger?

    Eg håpar at du får jobbe der neste år :D

    SvarSlett
  4. Nei, tviler på det. Skal gå ei lita stund, though. :)

    Takk. <<3

    SvarSlett
  5. Woohoo, jeg kan legge inn kommentarer igjen! :D

    Love you! Vil på Amanda fra Haugesund en gang til. :/

    SvarSlett
  6. Awh, yay!

    Love you too! Og ja, vil sjå det igjen eg òg, men krasjar litt med å bu i Bergen. =/

    SvarSlett