søndag 18. desember 2011

Besten var sjømann

Eg trur fascinasjonar og kjærleikar til dels kan liggje i blodet. Eg har alltid vore glad i naturen, har vakse opp i han, og sjøen har vore den største kjærleiken. Havet er så sterkt og skummelt og vakkert, og når eg står ute på ferjedekket - klokka er elleve om kvelden, det er ei veke til julafta og vinden tar bokstaveleg talt pusten frå meg - då føler eg meg levande. Det gir meg ei indre ro å vite at eg er ein del av dette uendelege krinslaupet og at eg er bygd opp av atom som kanskje var ein bit av eit tre ein gong, eller ein stein eller ein drope. Fordi livet må ende ein gong, som verkar ganske overveldande når ein er 22 og prøver å finne ut kva ein vil bruke åra til, men det gjer likevel godt å vite at energien ikkje forsvinn, han berre omformar seg og vert noko nytt. Så kanskje ein kan seie at me vert resirkulert slik som Odd Børretzen ynskjar. Og alt er verdt det om ein får Odd Børretzen til å smile.

Då eg gjekk av bussen var det stjerneklart og andedraga mine vart til frostrøyk medan eg gjekk på asfalten som var dekka med snø som knitra under skoa, og det gjorde ingenting at det var mørkt fordi eg var på veg heim.

4 kommentarer:

  1. Min farfar var også sjømann. <3 Og pappa, før jeg ble født.

    SvarSlett
  2. *hjarteHJARTEhjarte*

    Det var kjekt å sjå deg i går <3

    SvarSlett
  3. Nøve: Awh. <3 Sjømenn er fine. Slik som kaptein Haddock i Tintin!

    Lene: <3!

    Takk likeså. :)

    SvarSlett