søndag 11. desember 2011

Hald ut

Du som sit i hjørnet med ansiktet gøymt i hendene, og med knea under haka.

Du som ser ut av bussvindauget og ventar på at han skal krasje.

Du som elskar så høgt og så inderleg, men er framleis åleine.

Du som skulle ynskje du kunne symje med kvalane.

Du som drøymer om noko meir enn dette.

Du som så vidt klarer å puste.

Du som vert kald over heile deg når du er nær nokon som får hjartet til å eksplodere.

Du som alltid saknar.

Du som ler og græt på same tid.

Du som har så mange tankar som surrar rundt i hovudet på éin gong at du klarer ikkje å sovne.

Du som får vondt inni deg av å høyre framande krangle.

Du som har mista nokon.

Du som synest det er skummelt å snakke framfor alle.

Du som er einsam i fellesskap.

Du som vil leve i litteraturen.


Ver så snill: Hald ut.


12 kommentarer:

  1. http://open.spotify.com/local/Lars+Winnerb%c3%a4ck/Singel/H%c3%a5ll+Ut/199

    SvarSlett
  2. Har ikkje Spotify, men høyrer på songen på YouTube no. <3

    SvarSlett
  3. Han var veldig fin. :) Må innrømme at eg har ikkje høyrt noko av Winnerbäck før. (Ikkje så vidt eg veit, i alle fall.)

    SvarSlett
  4. Må innrømme at eg kjennar meg igjen i enkelte punkta, hehe.

    <3

    SvarSlett
  5. veldig veldig bra ;) sukk mitt hjerte... :)

    SvarSlett
  6. Lene: Me har mykje til felles, me to. <3

    Anette: Takk. <3

    SvarSlett
  7. Kanskje det er difor me går så bra i lag?

    SvarSlett
  8. Det er sannsynlegvis ein stor del av det. <3

    SvarSlett
  9. ja, hold ut :)

    sv: å, så fin! de har så fine vinger...armer? vingearmer!

    SvarSlett