Eg kjøpte ein raud kalender fordi eg ville ha endring. Før hadde eg hatt svarte og beige, ein som var blå og ein som var burgunder, men merket eg likte best hadde gitt opp å designe fine bøker, så eg gjekk for ei som var juleraud og utan namnedagmarkeringar.
Eg bakte kake og smilte i lag med Charlotte og kjærasten hennar då Nøve kom heim frå Japan og me stod på flyplassen og tok i mot henne i lag med familien hennar.
Eg åt kakerester med Charlotte og fekk endeleg sjå Kaizers live.
Eg sat på ein sofa på Scenekraftverk i Haugesund og såg på mamma og to menn me delte sofaen med ete kake og drikke kaffi medan eg var kvalm av nervøsitet for reisa eg skulle ut på neste dag, og mannen frå Bømlo som eg snakka med i pausen og etter teaterforumet var ferdig spurde ein månad seinare: "Er me ikkje kjærastar no då?".
Fyrste gong eg såg han flaug det eld gjennom kroppen min.
Om sommaren låg eg omfamna i kjærastearmar og -bein. Me reiste til Bremen på den vondaste datoen og åt jordbær og is og drakk kaffi frå Starbucks fordi dei kunne lage koffeinfri latte med soyamjølk til meg.
I september var me på teaterpremiere og eg hadde min teaterdebut i videoform som Facebookkarakteren Gøril Lie.
Medan blada skifta farge og me nesten regna bort, jobba eg med prosjektskildring og fekk endeleg gitt bømlingen min bursdagsgåva eg hadde hatt liggjande i eit halvt år. Det var ei amerikansk fyrsteutgåve av Animal Farm, ei av yndlingsbøkene hans.
Me feira at me hadde vore saman i eit halvt år.
Me feira at eg hadde vore veganer i tre år.
Me feira at han hadde levd i 36 år.
Me feira at eg hadde levd i 23 år.
Me feira livet og kjærleiken og alt det inneber.
Det var vakkert.
Livet er så mykje lettare å takle når me er to.
Godt nyttår!
Livet er så mykje lettare å takle når me er to.
***
Godt nyttår!