fredag 20. januar 2012

Elskarinna mi, havet

Ute på dekket står eit gammalt ektepar, mannen er ein pensjonert sjømann og har vore på land lenge. Han lengtar framleis etter havet fordi det er elskarinna hans, så same korleis vêret er står han alltid ute på dekket når dei tar ferja for å besøke barnebarna, og kona held han ekstra godt i handa slik at han ikkje skal dra ifrå henne igjen.

Ho har aldri heilt forstått, har aldri høyrt havet syngje og lokke romantiske og eventyrlystne menn ut frå hus og heim.

Nokon elskar havet for høgt og lét det ta over. Det er desse ein finn igjen nede i lasterommet der dei har laga seg eit kongerike av tang og tare. Dei elskar havet så høgt at dei vil verte ein del av det.

Mannen på ferjedekket kikkar bort på ho som held han så hardt i handa. Veit det er han som har såra henne mest i livet. Veit det er hans skuld at ho har vore einsam, at han gjer henne einsam kvar gong han får det blikket som får auga til å glitre som solstrålene på vassoverflata.

Han klemmar handa hennar tilbake og ser ei enkel tåre trille nedover kinnet hennar til ho tar sats og vert ein del av det kalde, våte.

"No er du ein del av havet mitt," seier han.
"Hadde det berre vore nok," seier ho, før kapteinen kan melde at det er land i sikte.

5 kommentarer:

  1. Nydelig tekst kjære du, og vledig fin og sår stemning du lager!

    SvarSlett
  2. Nydeleg. Eg elskar òg havet :) God helg, kjære du.

    SvarSlett
  3. motionocean: Tusen takk.

    Elin Brit: Tusen takk, kjære. God helg til deg òg. <3

    SvarSlett
  4. Ah, jeg må si meg enig, du er en mester i å lage stemning. Det var vakker lesing. Og vond, at the same time.

    SvarSlett