tirsdag 10. januar 2012

Huden din smakte salt

Kanskje dette er slutten. Eg kan framleis smake deg, kjenne hendene dine på meg og mine eigne under dressjakka di medan du ser på meg og eg veit, eg berre veit - veit at du kjem til å vere den eg har venta på.

Du smakte av røyk og sakte, eggande tonar. Du smakte av øl og vodka og ein bassolo som spelte på alle strengene mine. Du smakte av anglofile fantasiar og ei bakgate i Hackney eg håpar å besøke ein dag, om du vil ta i mot meg.

Du smakte av gamle og nye kapittel og ei repeterande historie.

Du smakte av raude kinn og sveitte kroppar.

Huden din smakte salt.

Og mest av alt smakte du av ein ny melodi eg sidan har dansa til.

5 kommentarer: