søndag 22. januar 2012

Nye ark

Desse orda er mine, men du kan få besøke dei. Om du gir meg handa di skal eg leie deg langs linjene. Nokre av orda kan vere litt skarpe, du må passe deg for dei, dei vart til under ein regnstorm. Men ser du desse orda her borte, like ved hjartet mitt? Dei vart til ei sommarnatt då alt var stille, og to sjeler var fylt til randen av bokstavar dei heldt inne medan dei såg sola stå opp.

Arka er nedsnødd no, han sa at han pla ikkje lese noko særleg, og orda du var nær ved å dele med han flaug tilbake til hjartekammeret ditt.

Det kjem fleire ark, veit du. Det kjem fleire ord. Nokre vil vere frostige og glitre av snøkrystallar i champagneglas. Nokre vil lukte av fuktig jord og setningar andre har ytra før deg. Dei beste vil vere dei som kriblar heilt ut til fingertuppane.

Pust inn minusgradene og skriv stumme ord i handflata til den du elskar.

Boka di er ikkje ferdig enno.

15 kommentarer:

  1. there is no clean slate.

    ~ regina spektor

    SvarSlett
  2. Me er fullskrevne ark av spor frå tidlegare dagar, og me hadde ikkje vore dei personane me er, hadde me kunne kasta dei og byrja på nytt. Eg synest det er ganske fint å tenkje på.

    Og Regina ftw! <3

    SvarSlett
  3. <3 dette fikk meg til å smile.

    SvarSlett
  4. Ahw, I sense that du er klar for noe nytt? :)

    <3

    Ps (geeky mode): Har du laget designet ditt selv? Jeg vil også endre mitt til noe .. sånt som dette.

    SvarSlett
  5. (Obviously, den første der. Men jeg bare syns det er så fint!)

    SvarSlett
  6. SYKT FINT med nytt design! Mye enklere å lese, jeg liker det. :D Fin tekst å lese også! <3

    SvarSlett
  7. motionocean: Tusen takk!

    Nøve: Awh, I'm glad. <3

    Ane: Indeed. :)

    Ane og Angela: Tusen takk! <3
    Eg har laga designet sjølv, ja, med utgangspunkt i ein av Bloggermalane. Bakgrunnen er den same som eg har på Listography og Twitter, som eg synest gir ein fin samanheng mellom nettsidene/profilane mine. Sat med trialversjon av Illustrator i går (+ PhotoShop) og prøvde meg på ymse headerdesign. Er framleis ikkje nøgd, men it'll do. Har aldri vore ein ekspert på grafisk design. :P Til gjengjeld hugsar eg framleis ein del html-koding og andre ting me hadde om på Vardafjell, som hjelpte med andre deler av designarbeidet.

    SvarSlett
  8. Ahw, jeg gleder meg til å se utviklinga!

    SvarSlett
  9. Fiiiinfin tekst, og ikkje minst fin Bierre-blogg! :D

    SvarSlett
  10. Åh, småfrysningar over magen!

    SvarSlett
  11. åh, du skriv så bra!

    SvarSlett