onsdag 11. januar 2012

To keep her caged would just delay the spring

Då eg var liten fekk eg sjeldan store gåver til bursdag og/eller jul. Det vil ikkje seie at eg ikkje fekk flotte gåver, men eg trur at særleg når ein er liten så er det dei største gåvene som ser best ut, mest spanande, fordi ein lurer veldig på kva som kan skjule seg bak så mykje pakkepapir. Vel, sist jul var det eg som fekk den største gåva og eg hadde verkeleg ikkje peiling på kva det kom til å vere. Pakken var stor, men han var lett, så eg tenkte at lur som Bjarte (den eine storebroren min) kan vere, så kunne det like gjerne vere ei eske full av bobleplast med eit gåvekort gøymt inni der ein stad, som eg hadde måtte leite etter.

Julafta kom, timane gjekk, tantebarna sov. Det var tid for den største gåva.


Det var eit fuglebur! For å vere eksakt: Eit fransk fuglebur frå 1920-talet. De som kjenner meg veit eg har nokre ting eg elskar meir enn andre, då særleg tre ting som forhåpentlegvis kjem til å vere til stades i ein framtidig bustad: fuglebur, timeglas og vindeltrapp. Eg har hatt eit fuglebur frå Kremmerhuset i nokre år no, men sjølv om det er veldig vakkert, så er det ikkje heilt det eg har sett for meg. Det har ikkje den same historia som ein bruktgjenstand har, og eigentleg håpar eg vel å ha fleire fuglebur på eit punkt, på same måte som eg (så langt) har tre skrivemaskinar. Men no har eg altså eit nydeleg fransk fuglebur som er nesten 100 år gammalt, takka vere Bjarte. Finfin storebror. (Og sjølvsagt takk til Anne Ingeborg òg, som er trulova med Bjarte og var med på gåva.)

Kvifor har eg ikkje presentert dette vedunderet før? Vel, eit anna faktum de gjerne veit om meg er at eg plar alltid gi namn til tinga mine som tyder mest for meg, men dette fugleburet har eg ikkje klart å finne namn til. That is, not until today. Eg sat buret på senga mi og stira på det medan eg høyrte på Awesomeness-spelelista mi, og då iTunes hoppa til ein Florence + The Machine-song (All This and Heaven Too) så slo det meg: Det skal sjølvsagt heite Florence! Kremmerhusetfugleburet heiter Francesca, så det passar til F-temaet, og Florence har alltid fuglebur på scenen når ho syng. Det passar ypperleg!

So without further ado, ladies and gentlemen, this is Florence:

9 kommentarer:

  1. Ahw, that is so awesome! Og så pent. Evig fin.

    Personlige julegaver er det fineste man kan få.

    SvarSlett
  2. Det var gjennomtenkt av bruttern!!!

    SvarSlett
  3. Brødre kan vere ganske så flotte å ha enkelte gonger... hehe.

    Når eg ser fuglebur tenkar eg: "BIRTE!!" <3

    SvarSlett
  4. motionocean: Det stod på ynskjelista mi, men veldig overraskande og godt gjort likevel. Flink storebror. :)

    Lene: Ja. :D

    Awh, I love that! <3

    SvarSlett
  5. Får lyst til å kjøpe dei til deg, men ingen kommer til å overgå dette fine som du fekk til jul.

    SvarSlett
  6. Awh. <3 Det finst veldig mange fine. :) For augeblikket har eg vel eigentleg ikkje plass til fleire uansett, men eg synest det er utruleg fint at du tenkjer på slikt.

    SvarSlett
  7. Wow, den var flott! Jeg tenker alltid på deg når jeg ser et fuglebord og har lenge drømt om å gi deg et.

    SvarSlett
  8. Awh, fine deg. <3
    (Tihi, du skreiv fuglebord. :P)

    SvarSlett