mandag 28. mai 2012

Listekjærleik på ein måndag

Etter å ha titta innom Regndrope sin blogg fann eg ei utfordring: Svar på 11 spørsmål og lag 11 nye spørsmål andre kan svare på. Dette er mitt bidrag.

1. Kva er du avhengig av?
- Avocado, vatn, fjernsynsseriar og bømlingen min.

2. Oppskrifta på ein bra dag?
- Vakne opp ved sida av han eg kyssar og bruke fleire timar på å stå opp, ete frukost i lag og sjå på han drikke kaffi, høyre på musikk, gå ein tur, sitje på kafé og drikke vin og vatn og smile og snakke og le og vite at når det vert kveld så kjem me til å liggje i same seng igjen.


3. Favorittbok?
- Vindens skygge/La sombra del viento av Carlos Ruiz Zafón.

4. Kva song blir du aldri lei av?
- Så lenge eg liker ein song så vert eg aldri lei av han. Den som dukka opp i hovudet mitt no var Truth av Alexander.


5. Yndlingste?
- Lady of Tahiti som eg kjøper på Kremmerhuset. Det var den eg pla ha på Café Moody i Haugesund, verdas finaste kafé som ikkje finst lenger, og å drikke den teen gir mange gode assosiasjonar, pluss den smaker supergodt.

6. Kva står øverst på ønskelista?
- Sommarjobb. Men for tida hadde det òg vore greitt med ein foodprosessor, fordi eg prøver ut nye oppskrifter og å bruke blenderen min er litt tungvint.

7. Ein ting du skulle ønske du kunne?
- Spele piano.


8. Kva var det beste i dag?
- Mail frå Amanda Palmer med update frå Kickstarterprosjektet der ein kunne laste ned ein av songane frå albumet. Støtt henne du òg, om du har råd. Ho er fantastisk. (Takk, Kjersti.)

9. Kva et du aller helst til frukost?
- Stort sett det eg hadde til frukost i dag: To/tre brødskiver med vegansk smør og avocado som eg strør salt og pepar på. I dag var brødskivene rista fyrst, så det var ekstra godt.

10. Korleis er det perfekte huset?
- Eg veit ikkje nøyaktig korleis det skal sjå ut, men det kjem til å vere gammaldags, kanskje sveitserstil eller eit gammalt murhus, og det må ha gesims/utstikkande vindauge eg kan sitje i og ei vindeltrapp. Og gjerne eit takvindauge på badet, slik som i Shopgirl.


11. Om du fekk gjere akkurat det du ville, kva ville du gjort?
- Vore forfattar/poet, reist rundt, budd i England, sett filmar, høyrt musikk, dratt på konsertar og teaterframsyningar og elska.


Og her kjem mine spørsmål til dykk:
1. Kva fjernsynsserie liker du så godt at du har sett han om igjen?
2. Har du nokon som elskar deg?
3. Søv du godt om nettene?
4. Nyt du sola?
5. Kva skal du til sommaren?
6. Kven har gitt deg ein klem i løpet av dei siste dagane?
7. Har du eksamen i desse dagar, og korleis taklar du det?
8. Kva er yndlingslukta di?
9. Kva skal du til hausten?
10. Favorittis?
11. Er du lukkeleg/nøgd med livet ditt?

4 kommentarer:

  1. Fin song!
    Litt forkorta svar:
    - lukta som fyller rommet når ein har vindauget ståande vidope ein dag lufta er solvarma og litt ruska i av ein svak bris gjennom blomsterenga.
    eller
    - lukta når det er sommarregn, sånn mjukt, med bittesmå dropar.
    eller
    - lukta når ein opnar komfyrdøra i det klokka ringjer og seier at grovbrøda er ferdig steikte.

    Lukkeleg/nøgd. Smil.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nydelege lukter, eg kan kjenne dei for meg.

      Slett
  2. 1. Kva fjernsynsserie liker du så godt at du har sett han om igjen?
    Modern Family
    2. Har du nokon som elskar deg?
    Ja <3
    3. Søv du godt om nettene?
    Ja, takket være Leno som sover syv timer i strekk
    4. Nyt du sola?
    Joa
    5. Kva skal du til sommaren?
    Dåp! :D
    6. Kven har gitt deg ein klem i løpet av dei siste dagane?
    Tommy, TM og Leonora
    7. Har du eksamen i desse dagar, og korleis taklar du det?
    Neisann!
    8. Kva er yndlingslukta di?
    Babyhode. Det er bare hode til Leonora som lukter godt.
    9. Kva skal du til hausten?
    Permisjon
    10. Favorittis?
    Pæreisen, selvfølgelig.
    11. Er du lukkeleg/nøgd med livet ditt?
    Ja :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Finaste Oda. <3
      Eg har lukta på hovudet til Line Mathilde i dag.

      Slett