mandag 27. august 2012

Tårer og blekk

Noko av det mest interessante eg skriv, det som er mest kjenslelada og mest rørande, kjem når eg sjølv har det vondt og blekket frå pennen blandar seg med tårene som fell frå andletet mitt. Eg har vore einsam i dag, sjølv om det berre er ein dag sidan kjærasten heldt rundt meg med heile kroppen, så eg sov lenge fordi eg såg ingen grunn til å stå opp, laga meg god mat og såg fram til ein roleg søndag der eg skulle kvile hovudet og kjenslene som flaug rundt. Naboen, derimot, hadde andre planar. Så etter ein time eller to med lyden av naboen som øvde seg på å spele trommer gjennom veggen, gjekk eg til sentrum og såg The Dark Knight Rises, åleine, men saman med mange. Eg har blanda kjensler om kva eg synest om filmar som gjer meg redd sjølv etter eg har gått ut av kinobygget, det er nok noko med tanken om kor mykje vondt som finst i menneske som eg vert så inderleg trist av å tenkje på, så sjølv om eg bur i Bergen og ikkje Gotham så tok eg likevel bussen heim sidan klokka tikka mot midnatt.

No sit eg på kontorstolen min og har nye tårer som fell frå andletet mitt utan at eg heilt veit kvifor, men det er ok. Eg skal prøve å skrive litt og når eg til slutt legg meg i ei seng som igjen er enkel og ikkje dobbel, så skal eg tenkje at bømlingen min held rundt meg med heile kroppen fordi han sa han skulle tenkje det same, og kanskje tanken i seg sjølv er sterk nok til å få tårene til å slutte slik at eg kan sovne med eit smil om munnen, som om han låg ved sida av meg.

8 kommentarer:

  1. Eg vett akkurat ka du meina...

    SvarSlett
  2. Alltid like kjekt med folk som ikkje tar hensyn *ironi*
    *klemmerundt*

    --
    Lykke var spesiell. Han likte godt då eg fant badekaret hans, men han bada aldri i det. Likte berre å drikke av det. Så plystra lydar som minna om bjeffing.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjempekjekt...
      *klemmertilbake*

      Awh, ja, han var ein fin fugl.

      Slett