mandag 7. januar 2013

Eksplosive kyss

Du (36) elskar meg (23), og eg elskar deg.
Det er så utruleg fint.

Me stod og kyssa kvarandre då året vart nytt og det smalt fyrverkeri langs heile vasskanten; du sa me hadde eksplosive kyss. Eg drakk champagne med venene dine og trakk inn store sjøluftspust, og ein av kameratane dine hadde ein frakk og ein gange som minna meg om John Bender i The Breakfast Club. 

Eg sa til deg at eg liker nyttårsafta mykje betre enn julafta fordi det er ingen som stressar og fyrverkeri er noko av det beste eg veit, og du sa du følte det same. Me stod og snurra på stjerneskot, fordi stjerneskot er obligatorisk, og då me gjekk tilbake til leilegheita byrja det å regne, som om heile byen vaska av seg det gamle året og gjorde seg klar for nye opplevingar, nytt liv, meir god mat og mykje meir kjærleik.

2 kommentarer:

  1. <3


    Eg likar ikkje fyrverkeri fordi det er for mykje lyd og sanseinntrykk

    SvarSlett
    Svar
    1. <3

      Ja, det er forståeleg. I det minste er stjerneskot ganske lydlause.

      Slett