mandag 31. desember 2007

Ok,

med eit nytt år på tampen, så bør eg vel klare å skrive eit nytt blogginnlegg (som eg kanskje ikkje slettar med ein gong).

I dag er det nyttårsafta og det ser ut til å verta den kjekkaste nyttårsfeiringa eg har vore med på (den aller beste nyttårsfeiringa som har stått på to bein!), noko gong, det er til og med meldt bra vêr! :D Me skal snurre med stjerneskot og lage fine mønster oppe på nattehimmelen. Me skal klemme og me skal skåle og eg skal smile og verkeleg meine det!

Fordi eg har flotte vener som eg er glad i, og som er glad i meg. Og kven veit kva 2008 kjem til å by på? Det kjem i alle fall til å by på nye hendingar og nye sjansar, og det skal verta eit bra år der eg skal ta sakane i eigne hender, som eg har gjort i det året me snart skal seie farvel til. (Goodbye's too good a word, babe, so I'll just say: fare thee well.) Og honesty er verkeleg the best policy, uansett kva andre kanskje har sagt til deg. Er ein ærleg kjem ein langt, lengre, lengre enn langt! Og Fru Kemnar med Vidar Johnsen og Peter Nordberg har ein av dei mest sexy introane som finst, og er ein av dei kulaste songane nokosinne, så det så!

torsdag 20. desember 2007

Eg er trist...

... difor skal eg lage hausttakkefesttakkeliste. Det vil nok hjelpe.

Alfabetisk så er eg takknemleg for:
Baking.
Barna mine.
Brev.
Café Moody.
Ektemannen min, Hercule Poirot.
Filmfestivalpublikum.
Fransk.
Frost.
Gode filmar.
Gåver med sjel.
Herlege lærarar (Ragnhild x 2 + Sveinbjørn + Våga = *hjarte*).
Iskaldt vatn.
Kafébesøk.
Klemmar.
Konsertar der alle i publikum syng med på refrenget.
Kunstnarar (artistar, fotografar, malarar, skodespelarar, skulptørar...).
Litteratur.
Musserande vin.
Mørk sjokolade (70 %+).
Pen musikk, musikk som fører meg til ei anna verd.
Samtalar som varer i fleire timar utan at nokon tenkjer over at tida passerer (har ein fin tendens til å skje på Moody).
Snø.
Soloppgang/solnedgang.
Solskin.
Stearinlys.
Stjerner.
Teater.
Venene mine, spesielt Butterscotchbunny og Fie.

fredag 15. juni 2007

Birtes Haugesund

I dag var skuledagen minimal og den einaste grunnen til at me måtte møte opp var for å vite om me kom opp i matte eller naturfag i munnleg eksamen, men me kom ikkje opp i noko ting, så skuledagen var over rundt... kvart på ni. (Me byrja 08.05 som vanleg.) Så sat eg og venta på at mamma skulle kome og hente mediatinga mine, lærebøker og slikt, så eg prata med Alice og Siri som skulle ta buss opp til Amanda. Mamma var treig (nothing new there), men kom endeleg kvart på ti, på same tid kom bussen til Alice og Siri og då eg hadde sett at dei var trygt på veg, gjekk eg ned til sentrum.

Kva skulle eg vel finne på? Sure, eg kunne ha sendt SMSar til nokon og fått selskap, men nei, i dag skulle eg finne mitt eige Haugesund. Birtes Haugesund (og nei, s-ending er eigentleg ikkje lov i nynorsk, men det er så stress å skrive Birte sitt Haugesund. Eller, det høyrest ikkje like kult ut.).

Så, let's see, kva inngår i Birtes Haugesund? Me har kaien, sjølvsagt, der eg sat på ein benk og las ferdig April i Paris av Michael Wallner. Veit ikkje heilt om eg likte den, vart litt lei av skrivemåten hans til tider, men ei heilt grei bok. Eg sat tydelegvis der alle som skulle ta båten til Stavanger skulle vente på den, så eg fekk sjå dei gå ombord på den kule båten som har oversatt gangvei med gangway. Som forresten er heilt korrekt, men grunna ein spasertur i mai så har det skiltet fått ei større tyding. Og eg tok bilete av det med kameraet mitt, som eg hadde med for dagen.

Det mest vesentlege med Birtes Haugesund er å unngå standardvegane (meaning hovudsakleg Haraldsgata). Strandgata er grei, men ikkje så veldig spanande. Nei, småvegane som eigentleg berre går til hus er definitivt dei beste. Eg var og såg på husa til meg og Valerie, brua og alt. Hestaleite 11 med det søte inngangspartiet, tok nokre svingar i bildekkføysa på leikeplassen der, men eg følte meg litt spionert på, så eg gjekk vidare.

For alle interesserte og uinteresserte, så er Karmsundsgata ganske kjip å gå langs. Dårleg fortau (i alle fall på høgre side, når ein skal inn til byn) og lite å sjå på. Men dei to nedgrodde benkane var søte, så dei skal få vere med i Birtes Haugesund.

Hasseløy! Eg kan ikkje gløyme Hasseløy. Ei lita perle, berre ei bru borte. Åh, det var så vakkert og idyllisk der, sjølv om mange av husa var ganske øydelagte og malinga vart putta på for hundre år sidan. Eg har funne meg eit nytt hus å bu i: Losgata 34.

Og eg fekk sett eit anna hus på nært hald, villaen til 6,5 millionar. Den hadde nokre rare vindauge, men det var veldig tøft. Øvregata 226 ftw!

Og, eh, denne presentasjonen av Birtes Haugesund vart ganske dårleg og ukomplett, men eg får heller kome tilbake til dykk.

mandag 28. mai 2007

Cookies and coffee

Så latterleg enkelt kan det vere å ha ei god stund. Ferske cookies og ein kopp kaffi med ei god veninne. (In fact one of the best.) Prate og sjå på boligannonser og drøyme om eit liv langt borte frå dette. Mykje betre enn dette. Seine kveldar og lange samtalar. Vin på Theatercafeen, med mindre den vert stengt. De kan ikkje stenge den! Kom an, det er omtrent den mest geniale staden i Oslo og eg vil drikke overpriced vin. Etter eg har fylt 18, sjølvsagt. The law: gotta follow it. Gotta obey.

Og så var det kveld. Og det var tomt og stille og utanfor kan eg framleis høyre fuglane som syng (vel, skriker) etter maker. "Hey, babe, kom til meg, sjå kor stort område eg har rundt treet mitt!" "Men herregud, ser du ikkje at eg har SÅ mykje større?" Come on babe, why don't we paint the town? And all that jazz. Dancing cheek to cheek. I won't dance, don't ask me. I won't dance, don't ask me. I won't dance, madam, with you. If I had you by my side. Eg song og dansa rundt på kjøkenet for Elisabeth i dag. Eg følte meg fri. Ikkje så fri som når eg er åleine, men det er eit steg likevel. Eit ganske stort eit.

Og det vart sol likevel.

torsdag 10. mai 2007

Supre Siri

For å vere ærleg er eg halvvegs tvungen til denne posten. xD

Neidå. Ok, Siri er ei nusseleg jente i mediaklassen. Sidan eg slutta på skulen i fjor etter to månadar og jobba i staden for, er eg eit år eldre enn dei andre i klassen (sett bort i frå Oda som gjekk eit år på Form & farge). I tillegg har eg vel alltid hatt eit relativt sterkt morsinstinkt, går eg ut i frå, i det minste prøver eg å vise omtanke og ta vare på andre, så Siri kallar meg mora i klassen.

Stakkars Siri er plaga av drastisk matallergi fordi kroppen hennar ikkje vil vere snill mot henne. Ho skal til legen i morgon og eg håpar inderleg at dei kan finne ut noko, og at dei ikkje berre skuldar det på stress. Siri fortener å verta frisk slik at ho kan ete kva ho vil igjen! Og så kan ho få smake Hennig Olsen sin Big Deal. Den er fabulous.

Siri er søt. Siri er rosa. Siri er betatt av ein gut ho synest har bloody nice mage/abs og ho er venen min. Skjønne jenta. <3

onsdag 17. januar 2007