mandag 26. mai 2008

Dazzle the world - be yourself

Hugsar du då du var liten, då foreldra dine drog deg med i kyrkja fordi dei ville gjera foreldra sine stolte som ville gjere foreldra sine stolte som ville..? Etter ei stund klarte du ikkje sitje i ro lenger, så dei gav deg noko for å halde deg opptatt, og stille. Eller kanskje du var med då dei eldre syskna dine, eller nokon kjente, skulle opptre og sjølv om du likte musikk, vart det skrekkeleg keisamt med all den hornblåsinga. Eller kanskje du var med på teater. Ærleg talt, sitje i ro i fleire timar utan noko som helst å gjere på, utanom å sjå rett fram? Så foreldra dine gav deg ei eske med rosiner. Sun Maid Natural California Raisins.

Eg har alltid likt rosiner, eg la dei oppi skuffene i Duplokjøkenet i lag med risnøtter og syntest det var eit komplett måltid. Litt surt/søtt og litt mildt. Knasete risnøtter og mjuke, småseige rosiner. Eg er så heldig at eg er tante til verdas skjønnaste jente, og det var sist gong då ho var på besøk med foreldra på slep, at eg fekk sjå dei nusselege rosineskene igjen. Og her kjem spørsmålet (etter litt meir forklaring og lange setningar): då eg opna ei eske for nokre dagar sidan, såg eg at det var skrive noko på den tappen som ein stikk nedi eska, på lokket, altså. Nokre koselege inskripsjonar til glede og inspirasjon. Er dette noko nytt, eller har det alltid vore slik? Eg hugsar ingen ord på dei gamle rosineskelokka. Det var uansett så fabelaktig og fortryllande at eg vil dele nokre av dei med dykk. Og de må unnskylde mobilbileta, eg gadd ikkje gå og hente 400Den...:

tirsdag 13. mai 2008

Bossmann Steen

På fredag sat eg på Moody med Siri og Val, etter ei stund (vel, ok, etter nokre timar...) måtte Siri gå og Val og eg bestemte oss for å vere kreative. Me skulle skrive song! Og ikkje kva for ein som helst song, nei, songen skulle heite Bossmann Steen. Eg finn ikkje nyheitssaka på Haugesunds Avis sine nettsider, men det handla altså om at ordføraren i Haugesund, Petter Steen Jr. (som er gift med engelsklæraren vår) ville ha bort søppelet i frå parkar i Haugesund etc.

Resultatet vart slik:

Bossmann Steen
(Melodi: Postmann Pat)

Bossmann Steen,
Bossmann Steen,
vil ha hele parken ren.
Han blir veldig lei seg
når du kaster fra deg
søppel på din vei, hvor enn du går.

Alle menn'sker kjenner navnet hans,
ser han i avisen både titt og ofte.
Noen synes han er litt teit,
men hun Mette synes han er great.

Bossmann Steen,
Bossmann Steen,
vil ha hele parken ren.
Han blir veldig lei seg
når du kaster fra deg
søppel på din vei, hvor enn du går.


Rimet teit-great verkar kanskje som eit naudrim, men det er faktisk ein liten kritikk retta mot læraren vår som, trass i at ho er veldig koseleg og smart, ikkje har verdas beste engelsk. I alle fall ikkje samanlikna med han me hadde i fjor.

torsdag 8. mai 2008

David Pedroza

Happy Liberation Day!

David Pedroza er søt og eg endra RSVP i frå Maybe til Yes. Birte skal på konsert på Moody. Care to join me? Eg har til og med fått CD. David Pedroza er in love with the moon. Fool in The Sun hadde tekst eg kunne kjenne meg igjen i:

Last night I was dreaming ‘bout you at my side
When I realised that you were gone I woke up and cried
I miss you so badly but what can I do
Fly across the sea if I could get back to you


onsdag 7. mai 2008

Progresjon 3.0


Jada, eg lever framleis og kjem tilbake på skulen i morgon.