lørdag 26. juli 2008

14 Dresses

For å unngå tull med innlegget, kjem bileta heilt til slutt. :)

På onsdag kjøpte eg min 14. kjole, ein heilt enkel, mørkeblå kjole frå Noa Noa. Han har vorte nattakjolen min og eg elskar han. (Det kulaste er at han er i size small, med glidelås på sida, og eg får han på utan å ta opp glidelåsen. :D) Eg har herved fleire kjolar enn skjørt og det er så herleg! Eg likar framleis skjørt, men det er så greitt å berre ha eitt plagg og ikkje trenge tenkje over kva for ein topp som passar til kva for eit skjørt. Om litt under to år og fire månadar, fyller eg 21 år, og eg har ein visjon om å eige 21 kjolar innan den tid. Wish me luck! (Eg trur eigentleg ikkje det vert så vanskeleg, eg treng berre pengar...)

For ei stund tilbake, sånn cirka rett etter eg hadde mottatt løn (*kremt*), bestilte eg fem DVDar frå play.com. Alle kom på den nette sum av 287 komma-something og på torsdag hamna fire av dei i postkassen min/vår! Falling In Love, Heartburn, Music of the Heart og Postcards From the Edge. No manglar eg berre Evening. Ser de oppmerksame sjelar noko som filmane har til felles? Oh yeah, Meryl Streep har hovudrolla i alle. All Meryl Streep, all the time! (Som er ein referanse til kva for ein film? Kom an, people, humour me! Og ingen søkemotor eller imdb.com etc., det er juks.)

Eg såg Falling In Love for fyrste gong i går, og på Flixster gav eg han fem av fem stjerner. Det er ikkje alltid historia treng vere den beste, så lenge skodespelet er out of this world. Eg følte verkeleg kvar einaste kjensle Frank og Molly gjekk igjennom. Med andre ord: I recommend it.

No trur eg at eg skal lage meg smoothie, før eg døyr av dehydrering. Cheerio!

tirsdag 8. juli 2008

A day of many firsts

Today has been a day of many firsts. It was the first time I bought a pipe, the first time I got honked at five+ times within fifteen minutes (I wore a short dress, but I wore black tights, and I don't know if it's supposed to be flattering, but I just find it offensive) and last, but certainly not least, the first time I'm writing a multi-language post.

Det er òg fyrste gong eg har sett ein tankbil frå Brannvesenet vatne eit blomebed. Eller, more precisely, blomebedet i rundkøyringa i Karmsundsgata der ein kan svinge ned til rådhuset, sjukehuset etc. Det er kanskje småting, men det var stort for meg.

Og jo, eg såg to New Beetlear i løpet av ti minutt. For dei som ikkje veit det så er det yndlingsbilen min, og eg meiner/trur at om eg ser ein, så tyder det at ting kjem til å ordne seg, så eg svarar kvar gong eg ser ein, om enn, berre innvendig. Åh? Ja, eg håpar det..., Sikker på det?" eller Eg veit ikkje om eg kan tru på det akkurat no.

Btw, mon dieu(!) som eg gler meg til Mamma Mia!! Eg har aldri gleda meg så mykje til ein film før, det er heilt sjukt! Eg har vore glad i ABBA heilt sidan eg var liten, så lenge eg kan hugse (og eg hugsar mykje, sjølv frå eg var svært liten, ned til eit og eit halvt år). Og Meryl Streep er det mest fantabelastiske mennesket som finst, det er ho verkeleg. I love her more than I could possibly express. I'm going to the premiere on Thursday with Hilður, Lene and Val and I can't wait! I'm thinking of wearing my black, flower pattern dress from my previous entries. :)

Er de framleis med meg? Vart litt hulter til bulter-innlegg dette her, men eg må berre få seie at eg har gjort mykje tenking i det siste på det med standpunkt og kva eg har og vil stå for vidare i livet. Eg er vegetarianer, men et sjømat. Eg byrja med det fordi eg rett og slett vart kvalm av å ete kjøt, men eg har fått meir informasjon om kjøtindustrien i seinare tid, i tillegg til det faktum at det tar utruleg mykje energi å lage kjøt (i forhold til miljøproblemene, det forureinar noko kolossalt). Eg kunne godt ha tenkt meg å slutte med sjømat òg, men eg treng vitaminene og, vel, det smakar veldig godt. :P Dessutan er sjøoppdrett ein bagatell samanlikna med kjøtproduseringa.

Oooog så har eg tenkt over korleis me behandlar dyr. Dyremishandling er heilt forferdeleg og burde ikkje skje, men det er det same som med barne- eller ektefellemishandling, det er ikkje noko me ser ut til å kunne verta heilt kvitt, men eg har gått litt lenger og har fått eit stort avsky mot å halde dyr fanga. Eg meiner at me er likestilte, me er like mykje verdt, så kvifor skal me kunne ha makt over dyra? (Det er ein annan ting òg, at me kategoriserer dei som dyr, me er dyr me òg.) Kva gir oss rett til å styre andre vesen sine liv? Trass i at kyrne får gå ute på eit svært beite, så er dei likevel innestengt, dei har gjerder og grenser å halde seg innanfor og dei vert samla i ein stor bygning i små avlukke når det vert kaldt ute. Eg veit dei har behov for å verta mjølka og alt det, men kvifor er det menneska som skal kunne stå med pisk og dei som skal overgi seg? Det gjer meg trist.

To end it on a high-note, I'll throw in a picture of the watering truck. :D