tirsdag 18. mars 2008

Gravferd

I natt hadde eg ein av dei mest fascinerande draumane eg nokosinne har hatt, og alt skjedde i løpet av tjue minutt i søvnverda. Det byrja med at eg hadde samtale med Jon (lifelong kamerat) på eit MSN-liknande program. Så tok han på webcam fordi han ville vise meg huset sitt. Eg hugsar ikkje landet han budde i, men det var eit austeuropeisk eit. Bulgaria eller Romania eller noko slikt. Han viste meg huset og det var eit nydeleg, stort hus med balkongar og søyler. Det var kvitt med mørkt tak. Bak det var det ein eventyraktig skog og fram forbi var det ein stor plen.

Så var han på skulen og det var time. Læraren var ei vakker kvinne, ho minna litt om ein krysning av ho eg hadde som lærar i 1.-4. og ho som me har i norsk no. Jon skulle tulle med henne og då ho trong noko å skrive med, gav han henne ein penn med ein plastbamse på toppen, i staden for ein av dei to blyantane han hadde bak øyrene. Ho prata vidare og sa at ho ville ikkje bruke den pennen, fordi blekket i den lukta tunfisk. Ho fekk ein ny penn, lik den gamle, berre at denne bamsen var blå, ikkje rosa (som den andre hadde vore). Og då ho skreiv så lukta det, naturleg nok, tunfisk.

Eg dukka opp i klasserommet under denne seansen og vart med Jon ut i gangen og ned trappa, der eg stoppa og sat meg ned fordi det sat ei jente der som såg så skrekkeleg trist ut. Jon sa me måtte gå heim slik at faren hans ikkje vart redd. Faren hans var ein veldig viktig mann. Då me gjekk bortover noko som minna mest om eit svært torg, var det to andre der, den eine var Roger, ein eg gjekk i klasse med frå 1.-10. Me måtte gå igjennom nokre store bogar, det var tre murar som var fulle av slike bogar, og over alt krydde det av politimenn og vaktar. Dei var skumle, men Jon sa at om me berre gjekk rett fram så kom det til å gå bra.

Etter å ha gått igjennom boge nummer to, var det enno fleire politimenn og vaktar rundt om kring, og me vart leia inn i noko som skulle førestille ei kyrkje der det var gravferd, men me visste ikkje kven som var død. Eg hadde ei dårleg kjensle. Med eitt var Renate der, ein annan person eg har gått i klasse med og kjent lenge, i tillegg til Tone, ei som eg møtte då eg byrja på Vardafjell som er ei veninne av blant anna Hilde og Siri. Det var fullt i det som skulle vere kyrkja, så me måtte sitje i midtgangen. Renate byrja heile tida å le, og både eg og Tone hysja på henne og sa ho måtte skjerpe seg, men det nytta ikkje. Framme byrja gudstenesta, eller skal eg heller seie showet? Det spratt fram vesen i fargerike draktar og dansa og song, og eg tenkte at ein slik gravferd ville eg òg ha. Bak oss kom det òg ulike vesen, og me måtte hoppe frå den eine sida til den andre for at dei ikkje skulle gå opp på oss. På eit punkt kom det svære elefantar, og etterpå marsjerte det inn nokre skremmande skapningar som fekk heile salen til å hyle av redsel, men då dei heiv av seg draktane sine, såg me at det var folk me kjente, eller som i alle fall eg kjente. Den eine var den eine onkelen min, betre kjent som "farbror", og eg vinka opp til han og smilte. Han såg strengt på meg og rista på hovudet og signaliserte med hendene sine at eg skulle halde kjeft. Eg skulle jo ikkje vere der. Korleis kom eg meg i det heile tatt bort dit?

Så vakna eg.

søndag 9. mars 2008

Absurditetar og snurrepipperiar

Inspirert av Oda sitt random facts-innlegg, har eg æra av å presentere nokre småsære, unødvendige fakta om Birte...

Eg:
- har eit bestemt oppsett på korleis eg pussar tennene mine. Så og så mange puss på den eine sida nede, så like mange puss på den andre sida, så den eine sida oppe, så den andre sida oppe, så bak tennene, så framme etc.
- klarer aldri å halde skummet inni munnen når eg pussar tennene, det byrjar alltid å sive ned langs tannkosten og så må eg spytte det ut. Difor misunnar eg skodespelarar som klarer å pusse tennene sine på film utan at det hendar, og eg lurer fælt på korleis dei får det til.
- seier eit ønske og blåser bort kvar einaste augevipp som faller av.
- er ein skriftleg språkperfeksjonist og vert skikkeleg frustrert når eg ikkje hugsar/veit korleis eit ord vert skrive.
- veit aldri heilt kvar orda eller tekstane mine kjem i frå, det er som om dei kjem frå ein stad utanfor meg sjølv, og difor hugsar eg aldri kva eg har skrive og må lese det om igjen etterpå.
- synest ikkje eg er noko flink til å skrive, men sender rundt tekstar for å fortelje folk korleis eg har det, fordi eg brukar dikta/tekstane mine som ein type dagbokinnlegg.
- vert fjollete av anten for lite eller for mykje søvn, for mykje vil seie sju timar+, for lite er to-tre timar. Det er ei hårfin grense mellom for lite og for mykje og det er sjeldan eg verkeleg har ei god natt med søvn.
- har aldri sove så godt som den natta eg tilbrakte på sjukehus då eg nesten måtte operere bort blindtarmen min.
- ser ut til å utvikle fleire og fleire allergiar.
- elskar å kunne overraske/sjokkere.
- faller ikkje for menn under 30. Eg veit ikkje kvifor, eg er berre ikkje tiltrukken av gutar/menn på min eigen alder.
- likar å bruke framandord fordi eg synest det er trist korleis dei forsvinner, sakte, men sikkert, i frå språket vårt.
- likar òg å bruke litt gammaldagse ord, same grunn som grunnen ovanfor. Døme på eit slikt ord er: fabelaktig, og ordet som Oda ikkje er så fan av: ærverdig.
- lurer på om eg var Agatha Christie i eit tidlegare liv.
- er gift med ein fiksjonell romanfigur: Hercule Poirot.
- sparer på tekstmeldingar og mailar som avsendarane sannsynlegvis såg på som daglegdagse og trivielle, og som dei vert overraska over at eg har spart på. Eg hadde 180 meldingar i mobilinnboksen for ikkje så lenge sidan, men eg har vore flink og sletta, så no er det berre rundt 60 igjen. (Men eg bør kanskje nemne at eg har skrive inn mange av SMS-ane på lappisen min.)
- er veldig glad i å ha kallenamn/kosenamn på menneske eg omgir meg med, og å bruke dei ofte. Ikkje sant, butterscotchbunny og Weird Al?
- har veldig sterke kjensler, men prøver å ikkje vise dei for mykje, sidan dei kan vere litt ekstreme.
- føler meg mykje eldre enn det eg er, og likar tekstmeldinga eg fekk av Lorelei for lenge sidan, der det stod: "(...) Nå sitter jeg og kjæresten og synger hovedøen med hans ukulele, som jeg gav han i bursdagsgave i dag (ja, han har allerede syv gitarer) og så tenker jeg; ja, Birte er jo også litt sånn. En gammel dame i en ung kropp.. Og det er et kompliment, altså:-)".

søndag 2. mars 2008

Ei sær veke, oppsummert i bilete

Med ei veke som innehaldt dei siste dagane av vinterårstida, ein skotårsdag + dei fyrste dagane av vår, er det ikkje rart at det skjedde ein del. Birte (og Oda, med Birte sin mobil), har dokumentert det.

Det fyrste er i frå engelsktimen på tysdag. Mette var sjuk og me hadde ikkje vikar, så timen gjekk til Hangman og "Sett halen på grisen":