fredag 27. juni 2008

Masekoppar!

Etter requests kjem det herved bilete av mine fantastikale, (oversatt Mia Michaels-uttrykk, så om du ikkje lastar ned og ser på dei nye So You Think You Can Dance-episodane... your loss!) nyinnkjøpte kjolar:

Details:

onsdag 25. juni 2008

Only you send me true love

"Kva skjedde eigentleg med det puslespelet? 1500 brikker, bilete i frå Roma, vart det nokosinne ferdig?"

Jada, for to netter sidan, då eg eigentleg burde ha sove fordi eg skulle på jobb neste dag, så vart dei siste brikkene putta på plass. Det har rett og slett vorte brutalt nedprioritert i det siste, men no er det altså heilt.


Elles så lurer eg på kor mange folk som kjem til å kommentere mamma og kor mykje me liknar, men folk er ikkje einige. "Du er dottera til Åse Berit, ja? Ja, det såg eg med ein gong!" vs. "Åja, er Åse Berit mora di? Du liknar ikkje på henne i det heile tatt!"

Eg har sett ein ekte psykologbenk/seng-ting då eg vaska kontor i går. Det var ganske kult. Oooooog eg har fått jobb på Sildajazzen, så eg håpar inderleg at eg skal vaske i veke 29-31, fordi det er i veke 32 at Sildajazzen er og då skal eg jobbe i 12-13 timar kvar dag. Då kan eg ikkje vaske i tillegg.

Forresten: eg har totalt blakka meg fordi eg kjøpte to nye kjolar i går. Dei er på ei anna side bloody gorgeous begge to. Eg håpar bokpengane kjem snart, eg treng dei sårt. Og løna mi, men ho kjem ikkje før om lenge, trur eg.

Til slutt kjem litt LoveHearts-kunst:

fredag 20. juni 2008

"Eg veddar ei krone og seksti øre på at du er Åse Berit si dotter,"

seier ein framand mann til meg medan han passerer meg i gangen. I NORDRE del, fekk eg vite i dag. Og i søre delen jobbar mamma. Eg fann kontoret og høyrte stemmen til psykologen eg eigentleg skulle hatt time med for ei stund tilbake. Ein time eg kansellerte fordi eg ikkje ville møte på mamma for så å måtte forklare kva eg gjorde der på den tida. Han gjekk sikkert forbi meg han òg, på eit punkt. Og ho mamma hadde prata med dagen før og skrytt over dei tre språkseksarane mine til sa hei, men ho visste nok ikkje kven eg var. Eg kunne ha fortalt det til henne, men ho som skulle lære meg opp i denne fantastiske vaskejobben studerte meg nøye og skulle akkurat til å kritisere ein detalj eg hadde gløymt, så eg haldt kjeft og moppa vidare.

I dag har eg vaska NI toalett og moppa større areal enn gymsalen på skulen medan eg har prøvd å vere høfleg og smilt og svart det dei forventar at eg skal svare. De skjønar, dei elskar small talk, medan eg hatar det. Eg har derimot lært at om ein vil glede ein enkel vaskekonesjel: prat om vêret. (Unnskyld, eg veit eg er stereotypisk at the moment, men det må ut.)

Eg var på sjukehuset og gjekk og gjekk til eg kom til ein del av bygget som ikkje minna om eit sjukehus i det heile tatt, meir eit lager til ein stor butikk eller fabrikk, med ein bannande ("helvete!", "jævla dritt!") mann som heitte Helge (Helge Helgesen, btw :P) som skulle lage ID-kort til meg, men som ikkje fekk det heilt til (derav banninga) og måtte ringe om hjelp. Hjelpa kom i ein kvit legefrakk (som eg fann litt ironisk), og legen, eller kva enn han var, gjorde nokre kirurgiske inngrep på dataen og printaren og whoops så var det fiksa! Helge måtte ta bilete av meg òg. Usj. Eg synest forresten at han fortener noko betre enn eit Olympus digitalkamera.

Eg skulle ikkje ha byrja før i slutten av juli, men no skal eg jobbe fire dagar i neste veke allereie. Wish me luck!

Og norskRagnhild er verdas søtaste! Ho haldt opp magasinet til medialærar Anne Marie som eit lite barn og sa: "SJÅ!". Det var den finaste gåva ho nokosinne hadde fått. Her words, not mine. Eg håpar muffinsane smaker/smakte godt. :)

Då eg var på Amanda tok opplevingane frå dagen over meg og eg tok meg sjølv i å vaske toalettet før eg brukte det. This stuff gets to ya.

mandag 16. juni 2008

The Classics

Når du vert bedt om å sitje nede i kantina i lag med hundrevis av andre elevar (vel, nesten det) og rektoren for skulen der du går kjem ned med ei bunke med ark og lærarane dine står og ser nervøse ut på dine vegne, så vert du litt redd, du kjenner det i magen. Men så fortel rektor at han har berre fått eitt ark, og der står det at du ikkje har kome opp. Klassen din har ikkje kome opp. Det er ferie! (Utanom dei neste dagane som kjem til å vare i eit par timar kvar.)

Så det er klart, på ein vakker dag som dette, der sola har kome tilbake etter tordenvêret som var dagen før, så er ein nødt til å gjere noko for å feire. Sidan kvalmen gjorde at kake ikkje var særleg fristande, kva gjer du? Nei, vent, kva gjer Birte? Birte kjøper DVDar. Og ikkje kva for nokre DVDar som helst. Oh no. No, no, no. Klassikarar: Manhattan, My Fair Lady og The Way We Were, til den nette sum av 258,90 kr. (det stod på kvitteringen at eg fekk 41,10 kr. tilbake, men eg fekk ingen tiøringar!). Og eg kjøpte tre bøker, som er litt hysj-hysj, fordi eg skulle ikkje kjøpe fleire bøker før eg har lese ut dei eg har, og eg har veldig mange igjen å lese, men to av dei har eg lese før (The English Patient og The Kite Runner) og den siste var av ein av yndlingsforfattarane mine (The Lollipop Shoes av Joanne Harris), så det var ikkje så verst, synest eg. Og ja, eg kjøpte scrapbookpapir som eg kjem til å bruke til kort som før hadde kosta 200 kr. og som no kosta 20!

It's a beautiful day. Eg ser på Manhattan = Woody Allen, Diane Keaton OG Meryl Streep. I'm happy.

søndag 1. juni 2008

Everybody must get stoned

Eg har vore ein del av ein gjeng på 22.000 menneske som stod og song Just Like a Woman. Eg har sett ein vaskeekte alkoholikar med flaska si gøymt nedi ein grøn pose, ein britisk paparazzi med eit fylgje på to stykk, der den unge hadde ein aura som gjorde at han minna meg om Jason Schwartzman og den gamle drakk på noko uidentifiserbart på ei lommelerke. Og eg har høyrt middelaldrande menneske syngje til ein svensk song der dei stemte i "KOKO!" annakvart sekund. Med andre ord: Eg har vore på Bob Dylan-konsert.

Det er noko heilt spesielt med å sjå ei legende opptre. Det treng ikkje vere yndlingsartisten din ein gong, fordi dette er ein person som heile verda veit kven er. Ein person som ein har sett filmar om. Ein person som Harry Camping i Stavanger selger bilete av, i lag med stillbilete i frå Gudfaren-filmane og A Clockwork Orange. Det er Bob fucking Dylan. Mannen med stemmen, med meiningane. Don't Think Twice It's All Right, Like a Rolling Stone, Masters of War, Rainy Day Women #12 And 35. Alt var der. And it was fabulous(!).

Og yeah, eg var slem, eg tok bilete med mobilen. Omgomgomg.
For interesserte:

Paparazzien: